Steg for steg - for deg som vil ha mindre krevande turar i roleg tempo
Etter ynskje frå fleire vart Steg for steg etablert no i april i år. Gruppa er meint å vera eit tilbod til dei som gjerne vil gå tur, men som ynskjer turar i roleg fart i ikkje så altfor krevjande terreng. Steg for Steg legg opp til turar på 2-3 timar i roleg tempo og forholdsvis lett terreng. Det har vore stor oppslutting om turgruppa, og kanskje er dette nett noko for deg. Lurar du på noko kan du kontakte Bjørg Kleiveland Revheim, tlf: 91716465
Turprogrammet framover ser slik ut: Ein møter kl. 10.
Tysdag 21. april: Søre Revheim-opp Torvelia til Kleiva og nedatt til Brubakkane. Me går frå Bruleitevegen 58
Tysdag 28. april: Grønskaret-Heia - Grønskaret. Parker på utstillingsplassen på Grønskaret
Tysdag 5. mai : Tveitane, Åsheimfjellet eventuelt. Parker ved Kvistitunellen.
Tysdag 12. mai: Rolland til gapahuken, rundtur eventuelt. Parkering ved Skogsvegen på Rolland
Tysdag 19. mai: Askeland til Hånipa. Me parkerer ved bedehuset på Votlo.
Tysdag 26. mai: Brakvatnet rundt. Parkeringsplassen i Valestrand sentrum.
Tysdag 2. juni: Skogsvegen Kleiveland- Vevle. Parker ved bedehuset på Hauge.
Tysdag 9. juni: Hovden til Sjuravika. Turparkeringa på Hovden.
Tysdag 16. juni: Bernesmarka, Parker ved floren til Lars Tyssebotn.
Tysdag 23. juni: Kossdalen, me parkerer ved Hosanger kyrkje.
Vel møtt!
Se også