Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Ein turgåar kledt i raudt på veg nedover ei steinete fjellside

Bjørnafjordtrimmen

Bjørnafjordtrimmen er eit samarbeid mellom Fusa og Os Turlag. Det er ein fin måte å kombinere trim og bli kjent med nye turmål.

Publisert: 09. oktober 2023
Artikkel

Bli med på Bjørnafjordtrimmen

Konkurranseperiode: 1. januar 2024 t.o.m. 31. oktober. Konkurransen er eit samarbeid mellom Fusa Turlag og Os turlag.

For å få poeng må ein registrera seg på ein eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskrevet i BjørnafjordTrimmen. Når du er på innsjekkspunktet, vil det vera mulig å "sjekka inn" (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet. Nokre av turmåla blir ikkje tilgjengelig før på våren pga at det kan være utfordring med snø - is i høgda.

Bli med på Bjørnafjordtrimmen her

Er du med i konkurransen, støttar du samstundes arbeidet turlaga gjer med skilting, utbetring av stiar, rydding etc.

Deltakeravgifta er: 100 kroner for medlemar i turlaget, og 200 kroner for andre. Bli medlem i Os Turlag eller Fusa turlag.   

Premiering

Premiar blir trekt blandt alle som har gjennomført minst 3 turar (5 gavekort a 500kr).

Hovudpremiar blir trekt blandt alle som har registrert seg på minimum 10 ulike innsjekkingspunkt/turmål (10 gavekort a 800kr).

Premiar blir trekt blandt dei 20 som har flest poeng (2 gavekort a 2000kr).

Premiar blir trekt blandt dei 20 som har vore på flest turmål. Om det er fleire med like mange turmål, blir deltakarane rangert etter poeng (2 gavekort a 2000 kr) 

For deltakarar under 16 år, blir det trekt 1 gavekort a kr. 1000,-.

Trekning av premier på medlemsmøte i november 2024. Gåvekorta blir kjøpt hos AMFI Os og Fjorden Senter Eikelandsosen.

Tips ved innsjekk på turmål

Åpne appen og trykk på posten du ønskjer å gå til, FØR du starter turen (eller der du veit det er god dekning). Du må venta 8 timar før ein får registrert samme innsjekkspunkt ein gong til. 

Dersom du har problem med registrering av "innsjekk" på turmålet, kan dette vera årsaken: Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger) 

Varierende GPS-signaler

Startar appen først når ein står på posten (som betyr at mobil sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning).
Du er utanfor innsjekkingsradius på turmålet (mellom 10 20 meter).
Dersom ein har slått av stedstjenester for appen i innstillingane.
Det er ikkje høve til å etterregistrere Trimpoeng dersom ein har gløymt mobilen, eller er tom for straum. Me har diverre ikkje kapasitet til det. Det er berre i høve tekniske problem med Trimpoengappen det blir etterregistrering.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget