Bjørnafjordtrimmen
Bjørnafjordtrimmen er eit samarbeid mellom Fusa og Os Turlag. Trimmen er ein fin måte å kombinere trim samtidig som man blir kjent med nye turmål i heile kommunen.
Bli med på Bjørnafjordtrimmen 2026
Konkurranseperiode: 1. januar 2025 t.o.m. 31. oktober. Konkurransen er eit samarbeid mellom Fusa Turlag og Os turlag.
Det er gjort nokre endringer i årets trim basert på ivrige poengsamlarar. Alle turmålspoeng er vurdert på nytt. Generelt så har dei lengste/høgste turane blitt oppjustert. Dette gjeld på begge sider av fjorden sidan Fusa har både dei høgste toppane og dei lengste turane er det fleire som er justert der. Nokre lite besøkte og vanskeleg tilgjengelege turmål er tatt ut.
Det ligg mange flotte turmål i Fusa, som berre ein kort ferjetur over fjorden. Dei fleste turane er lagt opp slik at det blir ein rundtur med fleire innsjekk undervegs.
Slik blir du med i konkurransen:
For å bli med i konkurransen lastar du ned appen Trimpoeng i App Store eller Google Play og opprettar ein brukar. Deretter leitar du opp konkurransen «Bjørnafjordtrimmen 2026» og melder deg på. Her kan du også melde på brukarar som ikkje har eigen telefon, for eksempel barn
Deltakeravgifta er: 100 kroner for medlemar i turlaget, og 200 kroner for andre. Bli medlem i Os Turlag eller Fusa turlag.
For å få poeng må ein registrera seg på ein eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskrevet i BjørnafjordTrimmen. Når du er på innsjekkspunktet, vil det vera mulig å "sjekka inn" (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet.
Har du problem med innlogging, kontakt post@trimpoeng.no
Er du med i konkurransen, støttar du samstundes arbeidet turlaga gjer med skilting, utbetring av stiar, rydding etc.
Premiering
Premiar blir trekt blant alle som har gjennomført minst 3 turar (5 gavekort a 500kr).
Hovudpremiar blir trekt blant alle som har registrert seg på minimum 10 ulike innsjekkingspunkt/turmål (10 gavekort a 800kr).
Premiar blir trekt blant dei 20 som har flest poeng (2 gavekort a 2000kr).
Premiar blir trekt blant dei 20 som har vore på flest turmål. Om det er fleire med like mange turmål, blir deltakarane rangert etter poeng (2 gavekort a 2000 kr)
For deltakarar under 16 år, blir det trekt 1 gavekort a kr. 1000,-.
For deltakarar over 80 år, blir det trekt 1 gavekort på kr. 1000.-.
Trekning av premier på medlemsmøte i november 2026. Gåvekorta blir kjøpt hos AMFI Os og Fjorden Senter Eikelandsosen.
Tips ved innsjekk på turmål
Åpne appen og trykk på posten du ønskjer å gå til, FØR du starter turen (eller der du veit det er god dekning). Du må venta 8 timar før ein får registrert samme innsjekkspunkt ein gong til.
Varierende GPS-signaler
Startar appen først når ein står på posten (som betyr at mobil sliter med nedlastning av data hvis det er dårleg dekning/null dekning).
Du er utanfor innsjekkingsradius på turmålet (mellom 10 20 meter).
Dersom ein har slått av stedstjenester for appen i innstillingane.
Det er ikkje høve til å etterregistrere Trimpoeng dersom ein har gløymt mobilen, eller er tom for straum.
Se også