Problem med innlogging til Bjørnafjordtrimmen?
Vi har fått nokre tilbakemeldinger om problem med å logge seg inn på Bjørnafjordtrimmen. Her er nokre tips til kva du kan gjere hvis du ikkje får oppretta brukar eller logga deg på årets trim

Dersom du allereie har installert app'en og vore med på Bjørnafjordtrimmen tidlegare år men slit med å registerere deg i år? Prøv å logge deg av appen og så på igjen. Hvis ikkje det hjelper så kan du prøve med å slette app'en frå telefon og så laste han ned igjen og logg inn på nytt.
Dersom du er ny til Bjørnafjordtrimmen så blir du med i konkurransen ved å laste ned ned appen Trimpoeng i App Store eller Google Play og opprettar ein brukar. Deretter leitar du opp konkurransen «Bjørnafjordtrimmen 2025» og melder deg på.
Framleis problem med innlogging? Ta kontakt med post@trimpoeng.no
Se også

