Opning av fantasiløypa og friluftslivets år
Laurdag 18. januar brakar det laus; Os Turlag markerar starten på friluftslivets år med opning av ei fantasiløype på Liafjellet. Dette arrangementet er også den nasjonale Kom deg ut - dagen vintaren 2025.

Vi opnar Fantasiløypa og Friluftslivetsår den 18. januar 2025 kl 12.00, med snorklypping og litt høgtidlegheit. Fantasiløypa startar på stien som går opp til toppen av Liafjellet, som ligger ca 350 meter forbi gamle Barneheimen.
Dette arrangementet er også den nasjonale Kom-Deg-Ut-Dagen vinteren 2025.
Fantasiløypa
Løypa startar her litt etter etter gamle Barneheimen. Her vil Os Turlag setta opp eit infotelt så det er lett å finna. Så går vi opp i skogsbrynet, og på andre sida av grinda finn vi den fyrste posten i Fantasiløypa. Her vil åpningen av arrangementet foregå. Deretter følgjer vi stien opp til toppen av Liafjellet. Herfrå går vi på sti ned til Havreidtjørno, der det vert bål og grilling. Kanskje kjem Turboreven og?
Om Fantasiløypa
Fantasiløypa er ei rundløype, og har 6 stopp, med fantasifigurar, benkar og postkassar. I postkassane ligg det eit eventyr, ein sang og ei bok. Her kan du skrive namnet ditt, noko du har opplevd eller kva du syns om plassen.
Bjørnafjordtrimmen
Denne dagen er det doble poeng i Bjørnafjordtrimmen på lette mål i Kom-Deg-Ut-Dagen. Sjå meir på
Parkering
Det er greit å parkere på:
- Brann- og Politistasjonen på Moberg
- Solbakkavegen
Det vil vere parkeringsvaktar som kan hjelpe deg.
Os Turlag vil også stille med to turleiare i Mobergsvika saman med Bua hvis nokon derifrå har lyst å vere med
Se også

