Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Ny styreleiar i Os Turlag

Ny leiar i Os Turlag presentert på årsmøte

Publisert: 14. februar 2024
Skrevet av: Jorun Nytræ
Nyheter
Lisa Garcia-Solheim
Ny styreleiar i Os Turlag, Lisa Garcia-Solheim Foto:

På årsmøte til Os Turlag 7. februar takka mangeårig leiar, Jorun Nytræ av og ny leiar vart presentert. Lisa Garcia-Solheim flytta med familien til Strøno for to år sidan. Ho har vore aktiv i Bergen og Hordaland turlag før ho kom til Os og særleg har ho jobba med Turboklubbane og Barnas turlag. 

Lisa har også fått Solrenningsprisen, som er ein årleg utmerkelse til ein frivillig som har gjort ein betydeleg innsats for Bergen og Hordaland turlag det siste året. 

Med 2 barn i familien som er med Turbo og ein mann som tok turleiarkurs på Os i fjor haust, er interessa for friluftslivet stort og alt ligg til rette for eit stort engasjement i laget. 

Lisa har alt frå barneåra likt å vere ute i naturen . Om vintaren var det ski og om sommaren var sjø, båt og snorking. Lisa er og aktivitetsleiar i havkajakk. Motivasjonen min, seier Lisa, er å lære barn og unge korleis vi kan ha trygge aktiviteter langs kysten. Det å bu i nærleiken av sjø var ein av grunnane til at vi flytta til Os. Dei har blitt godt mottatt i Os og spesielt synes ho Os Turlag har vore flinke med å inkludere. 

Det å dele kunnskap og vidareutvikle på tversav grupper i eit lokallagog også mellom lokallag og foreininger synes Lisa er inspirerande. Ho har gått turleiarstigen til DNT, frå 2 dagars turleiarkurs, sommarturleiarkurs og skal ta vintarturleiarkus i februar. 

Kjempeflott Lisa, du er eit godt forbilde og vi håpar fleire tar turleiarutdanning som vi treng i Os Turlag.

Lykke til som ny leiar i Os Turlag - vi heier på deg.

Forfattter: avtroppande leiar, Jorun Nytræ

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget