Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Medlemsmøte 5. november kl 18.30

Velkommen til Os Turlag sitt årlege medlemsmøte i Os eldresenter kl 18:30.

Publisert: 25. oktober 2026
Nyhet
Stetind
Foto: Børge Ousland

Velkommen til turlagets årlege medlemsmøte torsdag 5. november kl 18.30 i Os Eldresenter.

Det vert informasjon frå laget, trekning av Bjørnafjordtrimmen 2026 og ikkje minst foredaget "Kunsten å leve til man dør" v/ Ralph Høibakk. 

Kunsten å leve til ein døyr

​Kva vil det eigentleg seie å leve heile livet? Ralph Høibakk har gjennom eit langt og innhaldsrikt liv utfordra grenser, i fjellet, i arbeidslivet og intellektuelt. Han er fjellklatrar og tidlegare toppleiar, og som 79-åring tok han doktorgrad i anvend matematikk. No er han 88 år og framleis driven av nysgjerrigheit, utvikling og lysta til å utforske moglegheitene livet byr på.

Fjellet har vore ein viktig læremeister gjennom heile livet. Høibakk var med på den historiske førstebestiginga av Trollryggen i Romsdalen i 1958. I 1985 deltok han på den første norske ekspedisjonen til Mount Everest, saman med mellom andre Arne Næss. Seinare vart han den første nordmannen som fullførte Seven Summits, dei høgaste fjella på dei sju kontinenta.

For Høibakk har fjellet aldri berre handla om å nå toppen. Det handlar like mykje om å utfordre eigne grenser, møte frykt, oppleve meistring og vere til stades i augeblikket.

I foredraget «Kunsten å leve til ein døyr» tek Høibakk utgangspunkt i eit enkelt, men tankevekkjande premiss: Aldring er uunngåeleg, men korleis vi møter ho, handlar i stor grad om korleis vi vel å leve. Gjennom erfaringar frå eit uvanleg rikt liv deler han refleksjonar om fjell, aldring, livsmot og kunsten å halde fram med å utvikle seg.​

Eit inspirerande møte med ein mann som minner oss om at nysgjerrigheit og eventyrlyst ikkje har nokon aldersgrense

Det vert sjølvsagt servering. 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget