KOM DEG UT DAGEN 25. AUGUST I ERVIKANE
Os Turlag inviterer til Kom deg ut dagen 25. august kl 11-15 i Ervikane. Merk dato, dette er ei veke tidlegere enn det nasjonale arrangementet!
Kom deg ut- dagen er Noregs nasjonale turdag og arrangeres av DNT kvar vintar og haust. Os Turlag inviterer til kom deg ut dag 25. august kl 11-15 i Ervikane. Merk at dette er ei veke tidlegera enn det nasjonale arrangementet!
Ta med familie, vener og naboer for ein hyggeleg dag i regi av Os Turlag. Det blir fleire kjekke aktivitetar å vere med på:
SUP-brett (ta gjerne med eigen redningsvest)
Balansjelinje
Stylter
Skattejakk
Kaste på boks
Grilling med gratis pølser til barna
Premier
Turboreven
Ervikane ligg i Strøno (lenke til Google maps). Parkering på parkeringsplassen der Os Turlag vil vere synleg tilstades. Frå parkeringa er det ca 250 meter til sjøen på grusa veg som er framkomeleg med både barnevogn og rullestol. Les meir om Ervikane her
Turboreven, saman med alle dei frivillige i Os Turlag gler seg til arrangementet og håpar at mange tar turen. Velkommen