Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Høgabu treng fleire frivillige

Os Turlag har i mange år hatt ansvar for tilsyn av den sjølvbetjente hytta Høgabu i Bergsdalen. Eit arbeid vi har fått mykje skryt for takk vere driftige frivillige i laget som har lagt ned mykje tid og innsats i hytta. No takker to av våre ildsjeler av og vi er på leit etter nye som vil vere med å bidra med tilsyn av hytta.  

Publisert: 01. mai 2025
Nyhet
Fra Lid til Høgabu i Bergsdalen.
Foto: Helen Uglenes

Høgabu vart bygd i 1937 og er dermed den eldste hytta til BHT. Med berre 6 km gange frå Lid i Bergsdalen er hytta med sine 25 sengeplasser godt besøkt, både sommar og vintar. 

I 2024 hadde tilsynsgruppa 7 tilsyn, der 5 av tilsyna var dagstur mens 2 tilsyn gjekk over 2 og 3 dagar. Oppgåver i 2024 var å sjekke at hytta var ok og har alt av naudsynt utstyr og evt fylle på, varetelling, brenne boss og gjennomgang av proviant. I tillegg er det ein stor dugnad som går over ei helg i året der dnt flyr inn varer og ved og hytta får seg ein skikkeleg vask, skifter sengetøy og får sendt boss og sengetøy i retur med helikopteret. 

Hytta som var toppmoderne for 88 år sidan er no gamal og slitt og det er planer for totalrenovering av hytta, meir om det kan du lese her. Dersom midlene kjem på plass så vil arbeidet med renovering av hytta starte i 2026 og hovudhytta vil sannsynlegvis bli stengt for publikum under renovering men sikringsbua vil vere open.

Har du lyst å vere med å bidra med tilsyn av Høgabu eller har spørsmål ang. arbeidet? Send ein epost til os.turlag@dnt.no, eller ta kontakt med ein av oss i styret. For at det ikkje skal bli så mykje arbeid på enkeltpersoner så ser vi for oss å danne ei dugnadsgruppe for Høgabu og så kan ein fordele arbeidet og reisene seg i mellom. Tilsyn passar for dei aller fleste og du treng ikkje vere aktiv i laget for å melde deg til tjeneste - men du må vere (eller bli) medlem av Os Turlag.

Arbeidet er frivillig og dermed ubetalt men man får køyregodtgjersle for tur/retur Lid. 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget