
Kvam Topp 30
Klarar DU å gå til alle dei 30 høgaste fjella i Kvam?
Skrevet av: Kjell Inge Tufte Tyssen
I samband med at Kvam turlag fylte 30 år i 2024 utfordra me turglade til å vitje alle dei 30 toppane i Kvam herad som er meir enn 1000moh.
I 2024 var det 21 stk som besøkte alle 30 toppane, dei som ikkje rakk alle toppane i fjor, har mulighet til å fullføra i år eller til neste år. Me har laga nokre flotte panneband som alle som fullfører 30 toppar får!
Ettersom postkassetrimmen er nedlagt, må du melda i frå direkte til oss om du har vitja alle 30 toppane.
Deltaking er gratis, og varar heilt fram til me er tomme for premiar. Ta kontakt på kvamturlag@dnt.no eller kontakt nokon i styret for premie for utført bragda Topp 30!
I listene under ser du kva toppar du må besøka.
Toppane du må besøke
- Fuglafjellet(1334m)
- Kaldenuten(1332m)
- Skrott(1320m)
- Tveitakvitingen(1299m)
- Karaldenuten(1295m)
- Manfjellet(1263m)
- Iendafjellet / Såta(1260m)
- Geitafjellet(1255m)
- Haugane(1208m)
- Storliknausen(1193m)
- Fotasperrnuten(1192m)
- Gråeggi(1182m)
- Grånakken(1167m)
- Kjerringafjellet(1136m)
- Pyttafjellet(1130m)
- Bjørnaknausen(1121m)
- Gråtindane(1104m)
- Ådni(1102m)
- Høganovi (1101m)
- Storegrøeggi(1094m)
- Blåkoll (1082m)
- Gråhorgi(1074m)
- Giljafjellet(1069m)
- Simlenuten(1050m)
- Torefjellet(1050m)
- Vesoldo(1046m)
- Byrkjefjellet(1047m)
- Flatafjellet(1045m)
- Kjetilsnuten(1026m)
- Botnanuten(1024m)
Lenker til turbeskrivelse kjem etterkvart
For nerdane der ute er liste basert på primærfaktor på 100 høgdemeter eller meir. Du vil derfor kunne finne navngjevne toppar over 1000moh på kartet, som ikkje er med på denne lista.
Kom deg UT!
Se også

