Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Kvam Turlag
Fottur

Kryss og krakje - Kvam turlag sin turposttrim

Me har gleda av å presentere Kryss og krakje 2023! I år som i fjor er det ei utgåve med ti turar. Me merkar ikkje rutene, men mange av dei er merka frå før, eller har tydeleg sti. Men det me gir deg er eit gps-spor og ein turbeskrivelse på ut.no for å hjelpa deg fram til målet. I år vert det ei blanding av nye fine turmål og gamle kjenningar. Me håpar du likar dei, og at du får mange fine turar. Kom deg ut!

Registrering:
Kvart turmål er utstyrt med ein postanvisar, med klyppetong. Her klypper du på rett stad i klyppekortet, som du får på biblioteket eller skriv ut sjølv.

Det er òg mogleg å delta ved å nytta seg av  appen Postkassetrimmen. Me ber om at du berre deltek på ein av måtane.

Premiering:
Deltakarpremie ved innlevering av klyppekort/vising av fullført trim i appen. 

Krav er 10 av 10 for vaksne og 5 av 10 for born som ikkje fyller 14 innan trimmen er slutt.

Periode:
Kryss og krakje går frå 1.juni til 31.oktober

Det vert og trekt gåvekort blant dei som fullfører trimmen.

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget