
Historien om Iungsdalshytta
Den Norske Turistforening bygde Iungsdalshytta for å knyte sammen fjellområdet mellom Jotunheimen og Hardangervidda. Den første turisthytta stod ferdig i 1917. På grunn av oppdemminga av Stolsvassmagasinet i 1948 måtte hytta fløttast opp på haugen der ho står i dag. Denne stod ferdig i 1958. I dag er det ein støl att i Iungsdalen, men det rike kulturlandskapet som omgir Iungsdalshytta vitnar om at området vart mykje nytta til husdyrhald. I nærområde rundt hytta var det 9 stølar frå gammalt.
Her gikk den gamle ferdselsvegen aust- vest.
Iungsdalen var på sett og vis eit vegkryss. Du måtta bestemme deg for om du ville gå gjennom Iungsdalen til Aurland eller gjennom Fødalen til Borgund i Lærdal. Desse vegane var det Hallingar som brukte då dei skulle vestover. Mange hallingar var handelskarar og drog derfor vestover om våren for å handle krytdyr.
Då dei skulle austover att jaga dei gjennom dette fjellområdet. Inne i denne fjellheimen budde dei heile sommaren før dei la i veg på den lange ferda mot Kongsberg eller Drammen på markedet som var om hausten. I dag er det rester etter alle feleger som vitnar om denne farene tida.
Viktig for villrein
Området har og vore viktig for villreinen og er det fortsatt. I både Fødalen og Iungsdalen finn ein frameis både dyregraver og bogastiller.
Fødalen er i dag landskapsvernområd og har sloppe unna vasskraftutbygging som ellers har foregått over store deler av fjellheimen. Dalen var lenge i søkelyset og i 1969 vart det gjort arkeologiske registreringar som viste at området har den rikaste steinalderforekomst her i landet. Men framleis ligg staden urørt.
Dramatiske histiorier
Eit mystisk og uoppklart drap, eit Tysk flystyrt under krigen og dei rikaste steinalderforekomstar er noko av Fødalen si dramatiske og interessante historie her inne i fjellheimen.
Dalføret har ellers vore viktig for beitebruken. Den fyrste kjende leigeavtala om beite er frå 1778.
Dyr på beite
Frå 1926 og utover var det både sau og uksar som beitte i Fødalen. Å koma ut for ein skokk med uksar kunne setta ein støkk i nokon kor. I dag er det berre sauehamn og det beitar ca 3000 sauer i området. Det er ansatt ein gjetar som har tillsyn med sauene heile sommaren.
I hjartet av Skarvheimen
Når ein er i Iungsdalen er ein i hjarte av Skarvheimen. Her er det berre sus frå vinden, bjellerammel og rop frå mjølkesprengte kyr som uroar stillheita. Hit går det ingen bilveg og her er det ikkje privathytter. Iungsdalen er derfor ei "uberøert" perle. Støy frå eit aggregat og dur frå mjølkemaskina morgon og kveld er einaste larmen.