Vinterturer i Skarvheimen
Skarvheimen er et fantastisk område for skiturer. Området rundt Geiterygghytta byr på flotte muligheter for skiturer, både hytte-til-hytte turer og dagsturer.
Kvista løyper i alle retninger
Geiterygghytta ligger virkelig midt i vintereventyret.
Her kan du følge kvista DNT-løyper i alle retninger.
- 4 km frå fylkesveg (fv) 50 frå vestsida av Geiteryggtunnellen
- 17 km merka løype til Finse om Omsvatnet
- 20 km merka løype til Finse over Kyrkjedøra
- 12 km merka løype til Kongshelleren
- 25 km merka løype til Hallingskeid
- 15 km merka løype til Raggsteindalen
- 16 km merka løype til Storestølen
Dagsturmål på vinteren
Bakkehellertunga
Dagstur frå Geiterygghytta med nydeleg utsikt og fantastisk nedkøyring frå Bakkahellertunga.
Følg kvista løype over Geiteryggvatnet, ta av og start oppturen. Frå dei to store steinblokkenen på toppen av Bakkehellertunga, 1504 moh., vert slitet krona med utsikt over Hallingskarvet og Skarvheimen.
Spør oss gjerne om meir informasjon.
Lordehytta
Visste du at me har vår eiga Lordehytte i Bakkahelleren?
Lordehytta ligg i ei helling like oppom kvistaløypa mot Omsvatnet. Steinhytta er ikkje enkel å få auge på der ho mest går i eitt med naturen. Hald utkikk etter ei oppstilt steinhelle ca. 60 meter opp i bakken.
På benken med ryggen lent mot hytta, og sola i fjeset, finn du ro og kan late tankane flyte fritt medan du ser utover Hallingskarvet.
Spør oss gjerne om meir informasjon.
Ja-benken
Like ved kvista løypa mot Kyrkjedøri finn du ja-benken.
Gøymt i ly for Storfonnosi og orkesterplass til utsyn over Hallingskarvet, får du akkurat det svaret du vil ha.
Fin rundtur frå Geiterygghytta der du føl kvista løype til Raggsteindalen og går over til løypa frå Kyrkjedøri.