Logo
Til DNT.no forside
Badestampen på Geiterygghytta

Velvære i badestampen ved Geiteryggvatnet

Her på Geiterygghytta kan du skjemme deg bort med eit avslappande bad i vår vedfyrte badestamp. Badestampen blir vaska og fyrt opp kvar dag, og er tilgjengeleg for våre gjester heile sommarsesongen. Her kan du til dømes nyte den flotte utsikta utover vatnet med noko godt i glaset!

Publisert: 12. oktober 2023
Inspirasjon

Kjekt å vite 

Badestampen har plass til 8-10 personar. Før du kan bade må du dusje og vaske deg, og ein må nytte badetøy i stampen! 

Me vasker og byter vatn kvar dag slik at den er rein og fin til ei kvar tid. 

Me har skjenkebevilling til badestampen og serverer deg gjerne der.

Pris og bestilling av badestampen

Tid kan bestilles i resepsjonen ved ankomst. Dersom ein ikkje er nok personer til å fylle heile stampen må ein rekne med at andre også får plass.

Pris

  • kr 150 per person per time
  • Grupper kan førehandsbestille stampen. Også for grupper er prisen kr 150 pr person pr time, eller etter avtale.
  • Førehandsbestilling på e-post til geiteryggen@dnt.no.

Tre damer nyter badestampen ved Geiteryggvatnet i skumringen
Badestampen ved Geiteryggvatnet.
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem