Her på Geiterygghytta kan du skjemme deg bort med eit avslappande bad i vår vedfyrte badestamp. Badestampen blir vaska og fyrt opp kvar dag, og er tilgjengeleg for våre gjester heile sommarsesongen. Her kan du til dømes nyte den flotte utsikta utover vatnet med noko godt i glaset!
Publisert: 12. oktober 2023
Inspirasjon
Kjekt å vite
Badestampen har plass til 8-10 personar. Før du kan bade må du dusje og vaske deg, og ein må nytte badetøy i stampen!
Me vasker og byter vatn kvar dag slik at den er rein og fin til ei kvar tid.
Me har skjenkebevilling til badestampen og serverer deg gjerne der.
Pris og bestilling av badestampen
Tid kan bestilles i resepsjonen ved ankomst. Dersom ein ikkje er nok personer til å fylle heile stampen må ein rekne med at andre også får plass.
Pris
kr 150 per person per time
Tidspunkt bookes i resepsjonen.
Større grupper kan førehandsbestille stampen. Også for grupper er prisen kr 150 pr person pr time, eller etter avtale for grupper over 15 personer. Grupper kan førehandsbestille på e-post til geiteryggen@dnt.no.