Helgetur på Fjordruta
En fin gjeng på helgetur ledet av Lars Botten på den populære helgeturen langs Fjordruta, fra Valsøybotn - Hardbakkhytta - Tverrlihytta og tilbake.
Skrevet av: Ingunn Karijord
Fire glade nordmøringar, to karar frå Kristiansund og to damer frå Sunndal, møtte fram fredag ettermiddag på avtalt stad ved Reinslivatnet ovanfor Valsøybotn. Der stod turleiar Lars Botten klar og venta. Vi la vegen oppover lia i retning Tverrlihytta, og då vi kom fram var vi klare for middag med ein gong. Nokre boksar med suppe gjekk ned på høggang, og glade og mette gjekk vi til sengs på den flotte hytta.
Ekstra gledeleg var det at vi ikkje var åleine på hytta, men at det og var fire tyskarar i to forskjellige lag der. Neste dag la dei avgarde i kvar sine retningar, før vi som var på fellestur starta marsjen i retning Hardbakkhytta.
Sjølv om turen er i underkant av 10 km, var det verkeleg eit føre som krevde ... si kvinne. For ei som er vant til tørt og lett føre i Sunndalsfjella, var dette noko heilt anna. Mykje tung og gjørmete myr tok mykje av kreftene, og kaffipausane og lunsjpausane kom godt med - i tillegg til Lars Bottens lystige historier om andre turar og opplevingar han har hatt.
Foto: Ingunn Karijord
Sjølv om ein er i lågfjellet, er det likevel mykje å sjå. Turen bydde på utsikt mot Reinslivatnet og Botnavatnet i det nære - og til fjella i Sunndalen og innover mot Eikesdalen i det fjerne. Dei gamle fjell i synigom, veit du - og denne gongen var det Skjorta som vanskeleg kunne smyge seg bort.
I passeleg tid utpå ettermiddagen laurdag kom vi fram til Hardbakkhytta. Vi fekk heile hytta for oss sjølve, og hadde det rett så triveleg over den gode gryta vi hadde til middag. Nokon nytta sjansen til å bade i den vesle kulpen ved sidan av hytta, noko som heilt sikkert var friskt og godt.
Søndag gjekk siste etappen frå Hardbakkhytta til parkeringsplassen ved Reinslivatnet. Dei to første dagane hadde vi opphaldsver og ein ganske ok temperatur, og derfor kunne vi gå i lette klede, stort sett ulltrøye og bukse/ shorts. Men søndag morgon var det ein kald vind som reiv rundt hjørnet på hytta, og dei fleste av oss måtte fram med vindjakka. Sjølv om det også den dagen var eit delvis tungt føre, var det vesentleg bedre enn både fredag og laurdag - om ikkje anna fordi det gjekk i nedoverbakke.
Ved Botnasetra står ein Stikk ut-post, som og vart besøkt - før vi gjekk vidare til lunsjpause på verandaen på hytta hans Lars. Det var verkeleg ein flott plass å ha ein stopp, så det er vi fire deltakarane retteleg glade for at vi fekk gjere.
300 meter før vi kom ned til bilane på parkeringa ved Reinslivatnet kjente vi dei første skikkelege dråpane av regn. Då var det inga bøn: Regnjakka måtte på om vi ikkje skulle bli gjennomvåte.
Foto: Lars Botten
Turen lærte meg at det er smart å bruke gamasjar utanpå buksa på slike myrlendte turar (nokre andre brukte det) og at det iallfall er bra å ha skikkelege fjellsko. Turen lærte meg og - som førstereis på fellestur - at det er skikkeleg triveleg og bra å dra på tur med andre og bli kjent med andre.
Så derfor: som vi alltid avslutta skolestilane med i gamle dagar: Alle var einige om at vi hadde hatt ein skikkeleg fin tur.
Tusen takk for følget til Odd Arne Berge, Arve Tranø Olsen og Lisoneide Martinussen. Og ein ekstra stor takk til Lars Botten for god turleiing av den vesle flokken.
Skrevet av: Ingunn Karijord