DNT Sunnmøre blir med på X2 festivalen
DNT Sunnmøre blir samarbeidspartnar og bidragsytar til X2 festivalen i Ørsta. DNT bidrar med fleire familievenlege arrangement under årets festival. Det blir gunstige billettprisar for DNT-medlemer.
X2 Festivalen er ein årleg festival som samlar lokale og tilreisande ekstremsportutøvarar, eventyrarar og publikum i Volda. Gjennom fleire dagar blir fjell, fjord og luft fylte med aktivitetar, konkurransar og opplevingar – frå skikøyring og paragliding til sykling, løping, føredrag og konsertar. X2 handlar om lidenskap, natur, utfordringar og fellesskap.
DNT Sunnmøre blir frå 2026 med på laget som ein bidragsytar og samarbeidspartnar. Utgangspunktet er den felles entusiasmen for friluftsliv. Avtalen festivalsjefen snakkar om, inneber i år tre arrangement i regi av DNT under festivalen, i tillegg til eit føredrag ved Synnøve Solemdal, dagleg leiar i DNT Sunnmøre. I tillegg blir det rabatterte festivalpass for DNT-medlemer.
– Dette samarbeidet er fantastisk for festivalen, seier festivalsjef Mathias Vasbotn Remmereit.
– Vi synest de lagar ein sprek festival, og vi vil vere med, seier Synnøve Solemdal i DNT Sunnmøre.
DNT Sunnmøre sine arrangement under X2 festivalen:
- Introduksjon til uteklatring (ungdom 14-18år)
- Torsdagstur: Lidavetn
- Turbotur til Turnhytta
- Foredrag med Synnøve Solemdal
Les meir om X2 festivalen på nettsida: www.x2festivalen.no
Se også