Å måtte sette i verk plan B når forholda ikkje er tilstades for plan A er ikkje noko problem i den flotte og varierte skjærgarden på søre Sunnmøre.
Publisert: 02. januar 2024 Skrevet av:
Sindre Slettestøl
Turreferat
Litt is må ein rekne med på padletur i romjula.Foto: Sindre Slettestøl
Å planlegge padleturar om vinteren betyr at ein må ha ein backup plan. På grunn av vêrforholda måtte den planlagde turen til Flåvær flyttast til Kjeldsund, men det er ikkje noko problem med sporty deltakarar! Turen vart både frisk og tildels vindfull, men nokon valgte likevel å bade - med tørrdrakt altså! Pausen tok vi på Bakarholmen, og der var det god varme rundt bålet.