Bli med å skap Naturfestivalen 2026!
DNT Sunnmøre er arrangør av Naturfestivalen, men vi ønskjer å få fleire lag/organisasjoner, enkeltpersonar og samarbeidspartnarar med på laget. Vil du vere med å skape entusiasme og begeistring rundt friluftsliv desse dagane i august?
Frivillige
Vi er avhengige av frivillige som vil bidra til å leggje til rette for at flest mogleg skal kunne delta. Har du, nokre vener, eit nabolag, eit idrettslag eller ei bedrift lyst til å vere med og bidra til festivalen?
Alle bidrag er verdifulle, store som små, og saman kan vi skape gode opplevingar for både store og små deltakarar.
Her finn du meir informasjon om det å vere frivillig på Naturfestivalen!
Lag, organisasjonar, foreiningar og aktivitetsleverandørar
Vi håpar å få til eit spennande friluftsprogram for alle under Naturfestivalen. Kan di organisasjon eller bedrift bidra med aktivitetar eller opplevingar?
Ta gjerne kontakt med oss og fortel kva de ønskjer å bidra med.
Næringsliv og andre som vil vere med og skape folkefest
Det er kjekt om det skjer meir enn berre friluftsaktivitetar under festivalen. Kanskje de har lyst til å bidra?
Butikkar: Kan de lage relevante tilbod eller konkurransar?
Utestader: Kanskje de vil arrangere temakveldar eller konsertar?
Bedrifter: Kva med å bruke desse dagane til friluftsaktivitetar for tilsette? Gå ein tur eller et lunsjen ute i frisk luft ein eller fleire dagar denne veka. Kanskje organisere ein fjelltur før eller etter arbeidstid?
Institusjonar og andre som tek vare på andre: Bli med på aktivitetar! Ta kontakt og organiser utflukter for deltakarane dykkar, gjerne saman med andre grupper.
Samarbeidspartnarar
For å kunne lage eit spennande program og halde deltakaravgifta så låg som mogleg, ønskjer vi eit breitt samarbeid med lokale aktørar.
Kontakt oss
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har idéar, innspel, ønskjer å bidra eller lurer på noko.
Lasse Hoel
E-post: sunnmore@dnt.no
Telefon: 45 88 54 01
Se også