Om Naturfestivalen
Velkomen til Naturfestivalen i Ørsta og Volda 8.–16. august 2026 – festivalen for alle som er glade i friluftsliv! Frå 2025 er det DNT Sunnmøre som står som arrangør av Naturfestivalen.
Kvar sommar samlar Naturfestivalen friluftsinteresserte frå heile regionen til ei innhaldsrik veke med naturopplevingar i Ørsta og Volda. Festivalen har lange tradisjonar og feirar friluftsliv, fellesskap og den storslåtte Sunnmørsnaturen gjennom eit variert program med turar, kurs, familieaktivitetar og foredrag.
Festivalen går av stabelen i august og byr på alt frå guida toppturar og 3-, 4- og 7-fjellsturar til teltleirar, blåbærturar, naturyoga, markvandringar og kløverturar. Her finn både born, vaksne og seniorar aktivitetar som passar for seg. Programmet har tilbod for alle nivå, og mange av aktivitetane er gratis eller har låg deltakaravgift.
Naturfestivalen er eit samarbeid mellom DNT Sunnmøre, lokale lag, organisasjonar og frivillige aktørar. Festivalen løfter fram det beste Ørsta- og Volda-regionen har å by på – frå dei vakre fjordlandskapa i Hjørundfjorden til dei majestetiske tindane i Sunnmørsalpane.
Festivalen er også ein viktig møteplass der folk kan dele naturopplevingar, lære meir om friluftsliv og inspirere kvarandre til å bruke naturen meir – året rundt.
Se også