Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Turbo ønsker å besøkje barnehagar – påmeldinga er open

I samband med Naturfestivalen i Ørsta og Volda 08.-16. August har Turbo lyst å besøke barnehagar i Ørsta/Volda i veke 33. Har din barnehage lyst på besøk? Meld dykk på no!

Publisert: 26. januar 2026
DNTs tilbud

Fjellreven Turbo er Barnas Turlag (DNT) sin maskot, og han vil spreia naturglede til alle barn!

Turbo kan besøke barnehagar frå mandag 10. august til og med fredag 14. august. Han kjem i tidsrommet 10.00-14.00 og me bereknar ca 20-30 min per besøk. Besøket passar best for dei eldste barna 4-6 år, men det er også hyggeleg dersom dei mindre barna får sett han. 

Forslag til plan:

  • Turbo kjem frå skogen og mot barnehagen. Barna ønsker han velkommen. Han kan helse på barna utandørs, eller blir med inn i barnehagen. Det er også moglegheit å møte barna ute i friluft medan de er på turdag om det passar.
  • Turbo snakkar med barna, litt om kven han er, om dei liker å vera på tur
  • Han deler ut Turbo-pass, teikneark og turbingo til alle barna - og han gir gjerne high five/klemmer til alle barna som vil!
  • Har barnehagen ein liten Turbo-bamse så snakkar me om denne som turvennen dykkar. De får ein bamse om de ikkje har ein.
  • Vi dansar Turbodansen med barna, før Turbo seier hadet og må reise vidare!

PÅMELDING

Alle barnehagar som ønsker besøk, må melde seg på her.

Kontaktperson: Lasse Hoel, lasse.hoel@dnt.no

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bilder fra sommeråpning på Rauhelleren og Solheimstulen på Hardangervidda.
Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem