Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Tips til ein vellukka 7-fjellstur!

Synes du 23 km og sju fjell høyrast langt ut? Slapp av, turen er ikkje så krevande som du trur, og med nokre enkle grep er turen innafor rekkevidde for dei fleste som har gått litt på tur før.

Publisert: 24. april 2026
Tips

Nokre gode tips til deg som vurderer årets 7-fjellstur:

  • Det viktigaste er gode sko. Vi tilrår å bruke sko som er godt inngåtte, slik at du unngår gnagsår og vonde føter undervegs. Nokre vel òg å ha med lette joggesko til asfalt-etappane.
  • Det er ein fordel å ha gått nokre fjellturar på førehand. Har du lite erfaring med lange turar i kupert terreng, kan det vere lurt å starte med 3- eller 4-fjellsturen først.
  • Gå gjerne saman med venner eller familie: det gjer turen både kjekkare og lettare.
  • Hugs å ete og drikke jamt undervegs. Ta små pausar på toppane, nyt utsikta og fyll på med litt snacks eller mat. Turen tek den tida den tek, men vi anslår ei total tid på mellom 7 og 11 timar.
  • Pakk klede etter vêret, og ta med mat og drikke du faktisk har lyst på. Samstundes er det lurt å halde sekken så lett som mogleg.
  • Du treng ikkje dyrt eller avansert utstyr for å delta. Vanlege turklede og gode sko held lenge. Gnagsårplaster og sportsteip kan vere smart å ha med i sekken.
  • Skal du ha med born, er det viktig at motivasjonen kjem frå dei sjølve. Mange timar på tur kan vere krevjande, og då hjelper det mykje at dei har lyst til å vere med.
  • Er du usikker på om du klarer heile turen? Prøv likevel! Det er inga skam å snu eller bryte undervegs. Skulle det ikkje gå denne gongen, kjem det nye moglegheiter neste år!
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bilder fra sommeråpning på Rauhelleren og Solheimstulen på Hardangervidda.
Bli frivillig i DNT Sunnmøre
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem