Informasjon og påmelding til 3-, 4- 7-fjellsturen i Ørsta
Bli med å gå over 3, 4 eller 7 fjell rundt Ørsta!
Kven kan delta?
Turen er open for alle, men vi tilrår at du har tatt deg nokre lengre fotturar før du legg ut på 7-fjellsturen.
Stiløpetur: Du kan òg ta 7-fjellsturen som ein sti-løpetur. Stiløperane starter kl 11. Informasjon og påmelding til stiløpeturen gjerast her.
Start- og innkomsttider
Start turen når du vil mellom kl 08:00 - 10:00. Du går i det tempo som passer deg best, men alle må vere i mål innan kl 19:00.
Ønsker du å gå med turleiar er det avmarsj frå Mosætra kl 09.00, alternativt buss fra Ørstahallen kl 0845. Denne gruppa går jevnt og anslår tidsbruk på ca 7-9 timar, avhengig av gruppas storleik og tempo.
Mat og drikke
Alle deltakere må sørgje for å ta med seg og spise nok mat og drikke i løpet av turen. Vannflaskane må være fylt ved start.
Utstyr
Deltakarane må kle seg etter vêrforholda den aktuelle dagen, og har sjølve ansvar for å ta med naudsynt utstyr, mat og drikke for å kunne gjennomføre turen på ein forsvarleg måte. Vi tilrår å ha med enkelt førstehjelpsutstyr som gnagsårplaster, støttebandasje og sportstape. Solbriller, caps og solkrem ved fint vêr.
Hugs ekstra klede i sekken: vindtette og vasstette plagg, eit isolerande lag, samt lue og vottar. Klipp tåneglene før turen, og bruk sko som er godt inngåtte, stødige og gir god støtte.
Utstyrsliste:
Ryggsekk, fleire lag med klede (sjå vêrmeldinga for dagen), stødige fjell- eller tursko som er godt inngåtte, solkrem ved fint vêr, gnagsårplaster, gnagsårsokkar, sportstape, ei lita førstehjelpspakke/plasterpakke, drikkeflaske med stor opning eller tut, eigen drikkekopp, mat, drikke og energimat/tursnacks, lita flaske handsprit, mobiltelefon og powerbank.
Løypemerking
Løypa er merka med skilt og merkebånd på arrangementdagen. Går du turen på eit anna tidspunkt er ikkje turen merka.
Toalett
Det er ikke toalett undervegs.
Transport og parkering
Flest mulig oppfordrast til å samkjøre eller ta buss. Det er er òg mogleg å gå eller sykle til start. Parker på offentlege parkeringsplassar i Ørsta sentrum.
Tidsbegrensning
Det frarådast å starte på stiginiga til Melshornet etter kl. 16.00. Baktroppen vil følgje traseen vidare og ta ned skilt og merking. Arrangør tar ikkje ansvar for deltakarar som går etter baktroppen.
Bilder
Del dine beste bilder fra turen og tagg #naturfestivalen!
Premier
Det er inga tidtaking eller klasseinndeling. Dette er en tur kor kvar enkelt brukar den tida man sjølv ønsker. Alle deltakarar får medalje når de kjem i mål. Det er og trekkepremiar blant alle som deltak, og du kan vinne flotte premiar frå DNT og samarbeidspartnarar.
Generelle vilkår ved deltaking på 3-, 4-, 7-fjellsturen
OBS! Les generelle vilkår som gjeld ved påmelding og deltaking på 3-, 4-, 7-fjellsturen før påmelding. Dei vanlege vilkåra for deltaking på turar og aktivitet i regi av DNT gjeld ikkje 3-, 4-, 7-fjellsturen i Ørsta. Vilkår for 3-, 4-, 7-fjellsturen i Ørsta
Pris og påmelding
| DNT medlem | Ikkje-medlem | |
| Ungdom | 0,- | 50,- |
| Vaksen | 100,- | 150,- |
Takk til Sparebanken Møre som bidreg slik at vi kan holde påmeldingsavgifta lav!
Meld deg på her!
Grupperabatt/Bedriftspåmelding: kr 100,- pr person ved samla påmelding av minst 10 deltakarar. Påmelding til sunnmore@dnt.no

7-fjellstur
Se også