Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Turposter i Sogndal

Sogndal Turlag har 27 turpostar som ligg nær Sogndal sentrum og i Sogndalsdalen. Turene byr på vakre fjellturar, fine stølsområder i gammelt kulturlandskap og frodige elvelandskap. Til alle turpostane går det skilta og merkte stiar. Du finn ein liste over alle turpostane og skildring av turane på UT.no.

Publisert: 01. mai 2026
Skrevet av: Gry Thyrrestrup
Artikkel

For å vise fram det beste Sogndal har å by på, har Sogndal Turlag valt ut nokre flotte turmål som du kan nå ved å gå frå Sogndal sentrum, eller etter ein kort køyretur opp i Sogndalsdalen. Turane varierer i lengd og brattleik, og du finn både korte turar du kan nå på ein ettermiddag, og fine dagsturar der du kan ta med familien på ein hyggeleg søndagstur.

Her skildrar vi eit utval av våre favoritturmål. I artikkelen finn du lenkje til ei liste på UT.no der du kan finne ei oversikt over alle turpostane – bruk Sjekk UT og begynn å samle turpostar du òg!

Denne artikkelen er laga med støtte frå vår turpartnar Norsk Tipping — tusen takk!

Slik bruker du SjekkUT

SjekkUT er vår digitale turpostkasse og gjestebok. Med SjekkUT i UT-appen kan du registrere dine besøk og samle på turposter, fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet. Konkurrere mot deg selv eller delta på ulike trimkonkurranser, helt gratis!

SjekkUT er på UT-appen, som du kan laste ned her:

Slik gjør du det:

  1. Før turen kan du sjekke UT.no eller UT-appen for å se om det er noen turer og turmål som frister.
  2. Ta med deg telefonen din på tur og bruk gjerne UT-appen underveis for å sjekke kartet.
  3. Når du har kommet frem til turmålet ditt kan du åpne UT-appen og trykke på hytta eller stedet du er på.
  4. På alle hytter og turmål/steder i appen vil det være en knapp som heter "SjekkUT". Trykk på denne for å registrere besøket ditt. OBS, du må være nærmere enn 75 meter for å kunne registrere et besøk.
  5. Etter at besøket er registrert kan du skrive i gjesteboka og dele turopplevelsen din med andre brukere av UT.
  6. Til slutt kan du skryte litt av deg selv, nyte resten av turen og drømme om neste turmål :)

Her kan du lese mer om sjekkUT.

Kulturlandskap og gamle stølar

Fleire av turpostane finn du i nærleiken av gamle fjellstølar. Fjellstølane ligg vakkert til i frodige kulturlandskap. Her kan du nyte utsikta over Sogndalsdalen og sjå fine fjellblomar som trivst i open mark

Bjellastølen - Stølstur frå Sogndal Sentrum

Bjellastølen ligg flott til mellom Åsen og Åberge. Dette er ein koseleg, gamal fjellstøl som du kan nå frå Sogndal sentrum.

Turen er skilta frå busstopp ved Dalavegen, ovanfor Bjelde gard rett etter Gurvin. Frå Bjellastølen kan du forlenge turen og følgje sti vidare mot Åsen eller Åberge.

  • Turen går tur/retur
  • Sesong: Sommerhalvåret
  • Lengde: 4,3 km t/r
  • Tid: 2 t
  • Stigning: 438 høgdemeter totalt

Fottur til Laugi - Ville elver og bratte fjellskråninger

Laugi er eit gamalt stølsområde i Laugadalen. Det er eit fantastisk fjellterreng som møter deg medan du går langs brusande elvar og bratte fjellskråningar.

Turruta er slak og fin og passar godt for barn og familiar på tur.

  • Turen går tur/retur
  • Sesong: Sommerhalvåret
  • Lengde: 4,9 km t/r
  • Tid: 1 t, 30 min
  • Stigning: 139 høgdemeter totalt

Rundttur via Stepin, Spe og Navarsete 

Denne turen er ein flott rundtur i Sogndalsdalen der du kan besøkje fleire fjellstølar på vegen og samstundes samle fleire turpostar. Du finn turpostar på Stepin, Spe og Navarsete. Turen startar frå parkering ved Hodlekvebrua og følgjer raudmerkt sti frå Kleiv. Stien er noko bratt i starten, men turen er verd det.

  • Turen er en rundtur
  • Sesong: Sommerhalvåret
  • Lengde: 10,6 km 
  • Tid: 5 t
  • Stigning: 540 høgdemeter totalt

 

Enkle toppturer med fin utsikt

Det er mange fjelltoppar i Sogndal, og nokre er enklare å nå enn andre, men felles for alle toppane er at du alltid finn fantastisk utsikt. Her er eit utval av fjelltoppar med fin utsikt der du ikkje treng å reise så langt.

Slakkafjellet - fin ettermiddagstur

Slakkafjellet ligg fint til i den ytre delen av Sogndalsdalen og kan lett nåast frå Sogndal sentrum med bil eller sykkel. Turen passar godt som ein ettermiddagstur etter jobb. Frå Slakkafjellet kan du nyte fantastisk utsikt over Sogndal og innover Sogndalsdalen.

  • Turen går tur/retur
  • Sesong: Sommerhalvåret
  • Lengde: 7,3 km t/r
  • Tid: 3 t
  • Stigning: 662 høgdemeter totalt 

Fottur til Vinkjellaren

Vinkjellaren er eit utsiktspunkt med ein turpost som kan nåast frå Slakkafjellet eller Lerheimsstølen. Her har du flott utsikt over Sogndalsdalen.

  • Turen går tur/retur
  • Sesong: Sommerhalvåret
  • Lengde: 9 km
  • Tid: 4 t
  • Stigning: 602 høgdemeter totalt
SjekkUT-postar i Sogndal
DNT-turkassa på Himingsjå turisthytte på Lifjell i Telemark. På alle turkassene til Notodden Turlag er det også en SjekkUT-turpost.

SjekkUT-postar i Sogndal

Sogndal Turlag har 27 SjekkUTpostar som ligg nær Sogndal sentrum og i Sogndalsdalen. Alle postane er samla på ein liste på UT.no. Følg lista og bli med å saml på turposta du og. Du finn oversikt over turpostane her.

Enkle turer langs med fjorden

Frå Sogndal sentrum finn du fleire turruter du kan gå, jogge eller sykle, og som passar godt for ei treningsøkt etter jobb eller ein roleg tur med familien. Det er heilt spesielt å gå langs fjorden og nyte dei rolige bølgjene. Ta med badetøy dersom du vil ha eit forfriskande bad. Følgjer du godt med, kan du vere heldig å sjå nise, sel eller, av og til, spekkhoggarar som vitjar Sognefjorden.

Sauradn - gå, jogge eller sykkeltur

Mange likar å ta sykkelen fatt medan dei nyt flott natur. Difor har vi teke med denne korte turen, som passar for både store og små. Han kan òg gåast til fots. Turen er flat og følgjer Barsnesfjorden nesten heile vegen.

  • Turen går tur/retur same veg
  • Sesong: Apr - sept
  • Lengde: 4,7 km
  • Tid: 1 t
  • Stigning: 41 høgdemeter totalt

Valeberg - fin rusletur frå Vikane

Denne turen er litt utanfor sentrum av Sogndal, og kan særleg tilrådast på den varmare årstida. Du startar nemleg med Vikane badeplass, der det er ei fin strand. Kanskje turen for nokon endar allereie der han startar?

Denne turen går på den gamle vegen mellom Sogndal og Kaupanger. I enden finn du ein turpost med postkasse. 

  • Turen går tur/retur same veg
  • Sesong: Heile året
  • Lengde: 3,3 km
  • Tid: 1 t
  • Stigning: 116 høgdemeter totalt

 

Finn roa på hyttetur i Sogndal

Treng du litt fred og ro og ein pause frå kvardagen, kan du enkelt kome deg på hyttetur ved å besøkje ein av Sogndal Turlag sine tre ubetjente hytter. Alle hyttene kan nyttast både som dagsturmål eller til ein koseleg overnattingstur med ven, kjærast eller familie. Du treng ikkje reise langt for å oppleve fjellets stillheit og ro.

Kjørrdalsselet – hyttetur utan bil

Kjørrdalsselet ligg om lag 1,7 km frå Åberge, under Skjeggen, på stien mellom Åberge og Bjellastølen – 560 moh. Det er ei enkel hytte med to rom: eit skot og eit opphaldsrom. Hytta har to senger samt ein madrass som kan leggjast på golvet.

Kjørrdalsselet kan du nå ved å gå eller sykle frå Sogndal sentrum – du treng altså ikkje bil for å få ei overnatting på fjellet.

Grøssete – ei lita fjellhytte med mykje sjarm

Grøssete ligg på ein gamal seter på austsida av Dalavatnet i Sogndalsdalen. Hytta er eit ombygd lite setersel som vart opna i 2001. Ho har fem sengeplassar: eit soverom med fire senger og ein sengebenk i stova. Hytta er fin å besøkje både sommar og vinter – om vinteren kan du gå fine skiturar i området.

Ta familien med til Kollsetestølen

Velkomen på hyttetur til den familievenlege hytta Kollsetestølen i Sogndalsdalen. Her er det turterreng for store og små, og flotte område å utforske naturen i. Kollsetestølen ligg på vestsida av Sogndalsdalen i nærleiken av Sogndal skisenter, om lag 10–15 minutt køyring frå Sogndal.

Det er fleire vegar til Kollsetestølen, anten du går om Fosskamben eller Stejdekamben.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem