Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Fottur

Turpostar

Sogndal Turlag har 25 postar som ligg nær Sogndal sentrum og i Sogndalsdalen. Til alle turpostane går det skilta og merkte stiar. Du finn skildring av turane på DNT sin turapp UT.no.

Alle turane er merka med skilt i starten og raude prikkar undervegs. Posten består av ein postkasse med namnebok. Skriv deg gjerne inn i boka, så ser vi kor mange som brukar stiane!

Bruk gjerne turkartet for Sogndal – Leikanger for å finne fram. NB Punkta på kartet refererer til staden og ikkje nøyaktig der kassen står.

Vi minner om at mange turar går i beiteområde. Pass på å stenge grinder og hald ev. hund i band.

Sogndal Turlag har også lagt turane i appen: Sjekk UT. Appen er gratis, og du finn ulike lister som «fine toppar i Sogndal», og «tur på stien». 

Se turpostane på UT.no her

God TUR PAO STIEN!

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem