Unge Naturtalenter
Er du mellom 15 og 19 år og klar for eit år fylt med friluftsliv, utfordringar og nye opplevingar? Bli med på Unge Naturtalenter!
Skrevet av: Hege Mundal
Bli med på Unge Naturtalenter – eit år med eventyr, læring og nye vennskap!
Skuleåret 2026/2027:
DNT Sogn og Fjordane inviterer 12-15 ungdommar til å bli med på Unge Naturtalenter – eit unikt program frå september til juni.
Dette er sjansen din til å utforske nye stader i Sogn og Fjordane, få venner for livet og bygge verdifull kompetanse innan friluftsliv – både sommar og vinter!
Les informasjonen godt og meld deg på innan 1.september.
đĄ Kva er Unge Naturtalenter?
Eit gratis, årslangt utviklingsprogram for deg som vil lære meir om friluftsliv, utfordre deg sjølv og kanskje bli turleiar i framtida. Her står personleg vekst, samarbeid og praktiske ferdigheiter i fokus – alt gjennom ekte naturopplevingar.
đŁ Kven kan bli med?
Du treng ingen forkunnskapar – berre lyst til å lære! Vi startar frå scratch, og i løpet av året får du opplæring gjennom DNT sin turleiarstige.
Det er to krav:
- Du er mellom 15-19 år og busett i Sogn og Fjordane.
- Du er medlem i DNT (Om du ikkje er medlem kan du melde deg inn her; dnt.no/medlem til 365 kr/år.)
âš Kva vi ser etter:
Det viktigaste for oss er tid og motivasjon. Vi ønskjer ei variert gruppe med ulik bakgrunn, erfaring og interesser. Uansett om du er fødd med eller utan ski på beina, håpar vi på ei påmelding frå deg som vil bli tryggare i naturen.
đ„ Dette får du oppleve og lære:
â Ferskingkurs (korleis kle seg, pakke sekk, slå opp telt, bruke kart & kompass)
â Overnatting ute i ulike årstider
â Turmat og matlaging i naturen
â Toppturkurs
â Brattkort (klatring)
â Våttkort (padling)
â Førstehjelpskurs
â Grunnleggjande turleiarkurs
đ Etter året sit du att med:
âš Magiske naturopplevingar og eit hav av friluftsferdigheiter
âš Nye venner og sterke fellesskap
âš Tryggleik i norsk natur
âš Sertifiseringar og kurs innan friluftsliv
âš Meir sjølvtillit, personleg utvikling og leiareigenskapar
đș Korleis foregår det?
Vi møtast som regel éi helg i månaden. Programmet i år har nokre helger merka med obligatorisk, dette er lukka for gjengen som melder seg på UN. Samlingane merka med valfri er tilrådd UN, men også opne for andre deltakarar.
Samlingane blir fordelt mellom i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Samlingane blir lagde opp på stader der det i stor grad er mogleg å reise med offentleg transport frå regionsentera.
Programmet er eit utgangspunkt og vil bli tilpassa deltakarane undervegs.
På dei obligatoriske samlingane får du tett oppfølging av hovudinstruktør Maja Solvang, student i friluftsliv ved Høgskulen i Sogndal, saman med dyktige instruktørar på dei ulike kursa.
Programmet er gratis for deltakarane. Motivasjon og forpliktelse til samlingane gjennom året forventast av deg som deltek.
đż Er du klar for eit år fylt med opplevingar, læring og nye utfordringar?
PROGRAM (med atterhald om endringar):
| Tid | Kvar | Kva |
| 1.september kl.19.00 (obligatorisk) |
Teams |
Påmeldingsfrist - praktisk informasjon om Unge Naturtalenter og førebuing til første samling. |
| 11.-13.september (obligatorisk) |
Kaupanger | OPPSTARTSHELG Bli kjent Gruppedynamikk Feraking i friluftsliv - bål, bekledning, tursekk, turmat, kart og kompass. |
| 16.-18.oktober (obligatorisk) |
Vereideskogen, Sandane |
Skogstur med storsekk og hengekøye Dagskurs førstehjelp |
| 20.-22.november (obligatorisk) |
Førde | Topptau- og Brattkortkurs |
| 17.januar (valgfri) |
Førde |
Dagssamling klatring. Det er mogleg å avlegge brattkortprøve. |
| 26.-28.februar (obligatorisk, vinterferie - tidlig oppmøte fredag) |
Fivla, Luster | Toppturkurs - skiteknikk, ferdsel i vinterterreng og grunnleggande skredkunnskap. |
| Mars (valgfri) |
Vintertur i Sogndalsdalen | Fjellskitur. Vintertur med overnatting i snøbolig (snøhole, kantgrop e.l.) |
|
16.-18. April |
|
Grunnleggande Turleiarkurs |
6.-9.Mai (valgfri) |
Oslo |
Landstreff Unge Naturtalenter. NPF grunnkurs hav kano el kajakk. |
| 4.-6.juni (valgfri) |
Sogndal |
Kajakk - NPF Grunnkurs hav |
* I tillegg til programmet vert du invitert med på frivilligssamling eller du kan delta på andre DNT ung arrangement. Når du er ferdig med turleiarkurs kan du også bidra som frivillig i ditt lokallag.
đ Manglar du utstyr?
Ingen problem! Alle kommunar har BUA eller utstyrssentral slik at du kan låne det du treng. Vi stiller også med ein del fellesutstyr.
Meld deg på – eller tips ein venn som burde bli med! đ„đ
HER FINN DU PÅMELDINGSSKJEMA
Forventningar
Kva du kan forvente av DNT Sogn og Fjordane
â Vi skal gi tilstrekkeleg informasjon til deltakaren og stille førebudd til aktivitetane
â Vi er ansvarleg for sikkerheit ved alle aktivitetar og skal nytte kurshaldarar som har den kompetansen som er nødvendig for at sikkerheita er ivaretatt.
â Vi skal vere hjelpsame med å låne ut eller finne låneutstyr som deltakaren treng.
â Vi skal bidra til å skape eit trygt, inkluderande og mangfaldig miljø
Kva som forventast av deltakaren i Unge Naturtalenter
â Deltakaren gjer sitt beste for å delta på alle aktivitetar
â Deltakaren må bidra til eit positivt miljø i gruppa og ta godt vare på seg sjølv og andre.
â Deltakaren kjem førebudd til aktivitetane. Det vil seie: å vite kva vi skal, ha med seg det som trengs og vere mentalt klar for aktiviteten
â Deltakaren kan bidra som frivillig og vere med på å sette opp og gjennomføre turar for anna barn/ungdom i regi av lokalforeininga.
Her er andre DNT ung aktivitetar du kan bli med på!
Bilder frå Unge Naturtalenter tidlegare: 
















Prosjektet vert 2026/2027 finanisert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane & Sparebankstiftelsen DNB.
Se også