Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Unge Naturtalenter

Er du mellom 15 og 19 år og har lyst til å oppleve eit år fylt med spennande friluftsaktivitetar? Bli med på Unge Naturtalenter!

Publisert: 02. juni 2025
Skrevet av: Hege Mundal
Artikkel

Bli med på Unge Naturtalenter – eit år med eventyr, læring og nye vennskap!

DNT Sogn og Fjordane inviterer 12-15 ungdommar til å bli med på Unge Naturtalenter – eit unikt program frå september til juni (skuleåret 25/26). Dette er sjansen din til å utforske nye stader i Sogn og Fjordane, få venner for livet og bygge verdifull kompetanse innan friluftsliv – både sommar og vinter!
Les informasjonen godt og søk her innan 1.september. 

💡 Kva er Unge Naturtalenter?
Eit gratis, årslangt utviklingsprogram for deg som vil lære meir om friluftsliv, utfordre deg sjølv og kanskje bli turleiar i framtida. Her står personleg vekst, samarbeid og praktiske ferdigheiter i fokus – alt gjennom ekte naturopplevingar.

👣 Kven kan bli med?
Du treng ingen forkunnskapar – berre lyst til å lære! Vi startar frå scratch, og i løpet av året får du opplæring gjennom DNT sin turleiarstige.

✹ Kva vi ser etter:
Det viktigaste for oss er tid og motivasjon. Vi ønskjer ei variert gruppe med ulik bakgrunn, alder, kjønn, kultur og erfaring. Uansett om du er fødd med eller utan ski på beina, håpar vi på ein søknad frå deg som vil bli tryggare i naturen.

đŸ”„ Dette får du oppleve og lære:
✔ Ferskingkurs (korleis kle seg, pakke sekk, slå opp telt, bruke kart & kompass)
✔ Overnatting ute i ulike årstider
✔ Turmat og matlaging i naturen
✔ Toppturkurs
✔ Brattkort (klatring)
✔ Våttkort (padling)
✔ Førstehjelpskurs
✔ Grunnleggjande turleiarkurs

🎒 Etter året sit du att med:
✹ Magiske naturopplevingar og eit hav av friluftsferdigheiter
✹ Nye venner og sterke fellesskap
✹ Tryggleik i norsk natur
✹ Sertifiseringar og kurs innan friluftsliv
✹ Meir sjølvtillit, personleg utvikling og leiareigenskapar

đŸ—ș Korleis foregår det?
Vi møtast omlag ei helg i månaden, totalt 8–10 samlingar, fordelt på Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Programmet er fleksibelt og blir tilpassa etter deltakarane som blir med. Du får også tett oppfølging av vår hovudinstruktør, Ingeborg Kvåle Bruflot (f. 2002), samt dyktige instruktørar på dei ulike kursa.

🌿 Er du klar for eit år fylt med opplevingar, læring og nye utfordringar?

Viktige datoar:
✔ Søknadsfrist 1.september. Du får tildelt plass innan 4.september. 
✔ Digitalt informasjonsmøte sundag 7.september.
✔ Første fysiske samling på fredag 12.- sundag 14.september. 

Detaljert programinnhald:

Her ser du skissert kva vi ser føre oss skuleåret 25/26. Første samlingane er datofesta. Elles prøver vi å tilpasse tid og stad etter deltakargruppa, vi tek difor atterhald om endringar i føreslått program. 

Når? Kvar? Kva?
Sundag 7.september
19.00 
Digitalt Digitalt oppstartsmøte med informasjon om programmet og første samling.
September 12.-14. Kaupanger

Oppstartshelg

  • Bli kjent
  • Gruppedynamikk (dialogmodulen)
  • Fersking i friluft
  • Overnatting i lavvo
Oktober
10.-12.
Vereide,
Sandane

Skogstur med storsekk

  • Bygge på og lære meir om tema frå første samling (m.a. matlaging, kart & kompass). Nyte skogenes ro. 
  • Overnatting i hengekøye!
31.oktober - 2.november Skei i Jølster Klatring: Brattkort! (ev topptaukort)

28. - 30.november Førde? Førstehjelpskurs
November? Der du bur! Bli med på frivilligsamling for å bidra inn i ditt lokallag i 2025.
     
Januar Dagssamling Skei Open klatredag for DNT ung.  
Moglegheit for å gjennomføre brattkortprøve
Februar Stryn? Toppturkurs inkl skredkompetanse
Mars Hodlekve? Vårskitur - fjellski. Vinterovernatting ute i snøhole eller kantgrop. 
April ? Grunnleggjande turleiarkurs
April
17.-19.
Ørsta Valgfri: regionsamling møre & fjordane. Uteklatring og bålkos. 
Mai
22.-25.
  Nasjonal samling Unge Naturtalenter
ev NPF Grunnkurs Kajakk
Sommarferie Sogn og Fjordane Delta på, eller bli med å arrangere aktivitetar for DNT ung. 
2027   Dersom ein er aktiv i DNT ung vil ein få tilbod om gratis sommarturleiarkurs når ein har hausta erfaring som turleiar. 

🎒 Manglar du utstyr?
Ingen problem! Vi samarbeider med BUA slik at du kan låne det du treng.

📜 Praktisk info:
✔ Deltakarane skriv ein enkel avtale med DNT Sogn og Fjordane før oppstart.
✔ Du treng ikkje vere DNT-medlem for å søkje, men medlemskap er eit krav for å bli turleiar seinare. Medlemskap kostar 355 kr/år, alle andre kostnadar ved programmet vert dekt av DNT.

Meld deg på – eller tips ein venn som burde bli med! đŸ”„đŸ•
SØK HER

Her er andre DNT ung aktivitetar du kan bli med på!

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Bilder frå Unge Naturtalenter tidlegare:

Prosjektet vert 2025/2026 finanisert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane & Sparebankstiftelsen DNB. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem