Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Bakketrimmen

Bakketrimmen er korte turar som er lett tilgjengeleg. Vonar at du blir motivert til å auke dosen med uteaktivitet, og komme i betre form. Du som har born, må hugse på å ta dei med innimellom. Kanskje du skal utfordre ein nabo, arbeidskollega eller slekt og vener. Gå oppover og framover med Lærdal turlag. Teikn aksjar i ei god folkehelse, og skap optimisme i bygda. Ved å nytte klyppekortet og UT.no flittig, kan du samle 25 klypp og besøk. Born som ikkje har fylt 13 år treng berre 13 klypp.

Publisert: 22. september 2023
Artikkel

Bakketrimmen byrjar 25.mars og held fram til og med 30.september.
Turlaget har bytta ut tre postar i år, dei som er tekne ut er Nonhaugen, Olavskjelda og Skori på Strendene. Nye av året er Våkeldshaugen, Kolahaugen i Eråkslii og Bjådnbaosadn. Me held fram med 7 postar.
Det vert ikkje lagt ut turbøker og klippetang, og det er ikkje alle postane som har turbokkasse, men alle får eit skilt med tekst «BAKKETRIMMEN.»
Bakketrimkort får ein kjøpt på Lærdal Grønt.
Registreringa vert som før på kortet, eller på appen SjekkUT, alle postane er lagt inn der. Kortet kostar i år 100, 200 kr for familie, og du må sjølv krysse av på kortet kor du har vore. Vel du berre SjekkUT betalar du 100 kr til turlaget på VIPPS nr 602939, skriv kva det gjeld. Alle deltek i ei trekning om tre gåvekort på 1000 kr som vert trekt på årsmøtet, og alle som har fullført Bakketrimmen får ein liten premie.

Bakketrimmen 2024

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem