
Bakketrimmen
Bakketrimmen er korte turar som er lett tilgjengeleg. Vonar at du blir motivert til å auke dosen med uteaktivitet, og komme i betre form. Du som har born, må hugse på å ta dei med innimellom. Kanskje du skal utfordre ein nabo, arbeidskollega eller slekt og vener. Gå oppover og framover med Lærdal turlag. Teikn aksjar i ei god folkehelse, og skap optimisme i bygda. Ved å nytte klyppekortet og UT.no flittig, kan du samle 25 klypp og besøk. Born som ikkje har fylt 13 år treng berre 13 klypp.
Bakketrimmen byrjar 1.april og held fram til og med 30.september.
Turlaget har bytta ut fire postar i år, dei som er tekne ut er Løberg, Galdane, Badnestein og Øvre Veten. Nye av året er Gravdalen i Seltaåsen, Kropp Hedlerstegkrysset og Dekkene. Dei 2 siste postane er heilt nye turmål! :)
Det vert ikkje lagt ut turbøker og klippetang, og det er ikkje alle postane som har turbokkasse, men alle får eit skilt med tekst «BAKKETRIMMEN.»
Bakketrimkort får ein kjøpt på Lærdal Grønt.
Registreringa vert som før på kortet, eller på appen SjekkUT, alle postane er lagt inn der. Kortet kostar i år 100, 200 kr for familie, og du må sjølv krysse av på kortet kor du har vore. Vel du berre SjekkUT betalar du 100 kr til turlaget på VIPPS nr 602939, skriv kva det gjeld. Alle som har fullført Bakketrimmen får ein liten premie.
Bakketrimmen 2025
Se også

