Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Vil restaurere den gamle hovudvegen

I løpet av 2025 er planen at den gamle hovudvegen mellom Sogndal og Kaupanger skal bli restaurert. -Det er kjekt å bidra til å ta vare på slike fine turvegar, seier Gry Thyrrestrup.

Publisert: 17. februar 2026
Skrevet av: Stig Roger Eide
Inspirasjon

DNT Sogn og Fjordane har fått tildelt ei rammegåve på 20 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til prosjektet «Eg gjekk ein tur på stien». Thyrrestrup er prosjektleiar for dette prosjektet starta opp i 2024. I haust vedtok DNT Sogn og Fjordane dei første tildelingane i prosjektet der Sogndal kommune fekk 333 333 kroner til utbetring av gamlevegen mellom Vikane og Lem.

Utbetring

Det er Sogndal kommune som er prosjektansvarleg for denne lokale satsinga, og Ingrid Mork Veland, som er rådgjevar for fysisk aktivitet og anleggsutvikling i kommunen, har stor tru på at vegen mellom Vikane og Lem raskt skal bli utbetra.

-Dette er eitt av to prosjekt i kommunen vi skal realisere med midlar frå «Eg gjekk ein tur på stien». Kommunen vil prosjektere arbeidet og tanken er at dugnadskrefter skal gjere jobben, seier Veland og vert støtta av Stian Dale som er styremedlem i Kjørnes Vel.

Foto Stig Roger Eide

Positive naboar og grunneigarar

-Vi bur knappe 1000 personar på Kjørnes, og det er svært mange som nyttar denne «gamlevegen». Og signala er eintydige på at dugnad er noko vi verkeleg vil delta på, seier han og diskuterer saman med Tom Dybwad i Sogndal Turlag kva som bør gjerast på vegen i praksis.

-Dette er ein historisk veg og har vore hovedferdselsvegen mellom Kaupanger og Sogndal heilt fram til nyevegen lenger oppe i lia kom i 1938. Her må det noko drenering til einskilde plassar, nokre murar må byggjast opp igjen, og det er trong for eit nytt toppdekke fleire plassar. Ikkje minst der mange røter har komme opp i dagen, og kan vere ei utfordring for både syklistar og gåande, seier Dybwad under turen på gamlevegen.

Folkehelse

Og akkurat det at vegen blir restaurert gjer at mange ser på denne utbetringa som eit viktig folkehelsetiltak.

-Det er mange som nyttar vegen slik han ligg. Det ser vi når vi går her i dag. Ikkje minst er det mange som nyttar vegen i den lyse årstida, då det er mange badeviker i området. Men får vi rusta vegen opp, så kan det bli meir aktuelt for folk til dømes å bruke sykkel når dei skal pendle mellom Kaupanger og Sogndal. Dessutan bør det vere såpass kvalitet at det også skal vere mogleg å gå her med barnevogn og småbarn, seier Ingrid Mork Veland.

Ein million kroner

Ho viser til at heile prosjektet er kostnadsrekna til ein million kroner, og at gåva frå «Eg gjekk ein tur på stien-prosjektet» til vegen mellom Vikane og Lem er sentral for å få prosjektet fullfinansiert.

Det er også inne søknad om spelemiddel til Sogndal kommune, og håpet er positivt tilsagn på dette med det første.

Sogndal kommune har også fått ei tildeling på 300 000 kroner til turstein Kreklingen-Skaasheim i Balestrand. Her er det Balestrand frivilligsentral og organisasjonen «Vener av Balestrandsfjella» som er initiativtakarar til dette prosjektet.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem