No er vi straks ferdig med første byggetrinn
Med meir finansielle støtte, så er sti-arbeidet på Søtekollen i Brekke straks fullført. -Dette blir heilt fantastisk. Dette er noko folk kjem til å sette pris på, seier Liv Brekken.
Skrevet av: Stig Roger Eide
Som prosjektleiar i arbeidsgruppa i Brekke idrettslag, kunne ho saman med Rune Virkesdal, ta med seg Severin Rokne og Denis Duranovic frå Sløvåg-kontoret til SpareBank 1 Sogn og Fjordane til topps førre dagen. Samstundes som dei fekk orientering om framdrifta i Søtekollen-prosjektet, kunne dei to banktilsette gjennom tursti-prosjektet «Gjekk ein tur på stien», som banken har saman med DNT Sogn og Fjordane, fortelle at banken på nytt bidrar med støtte til dette unike folkehelse-prosjektet.
Til fem millionar kroner
-Med den siste tildelinga gjennom tursti-prosjektet til DNT Sogn og Fjordane, har Brekke idrettslag fått heile 950 000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Saman med fleire gåver frå både det offentlege, privatpersonar og lokale bedrifter har vi reist eit økonomisk grunnlag til å gjennomføre første byggesteget på Søtekollen, smiler Brekken og kan vise til at sidan dei starta stiprosjektet på det mest populære turmålet i Brekkeområdet i mai 2022, så er kostnadsramma på omtrent fem millionar kroner.
Positive grunneigarar
-Vi har heile vegen hatt positive avtalar med grunneigarane, og arbeidet har gått omtrent knirkefritt på alle måtar. I tillegg til innnleigde sherpaer som har utbetra dei blautaste partia, så er det lagt ned over 2000 dugnadstimar av eit trettitals personar i denne perioden. Alle i Brekke-samfunnet er vore veldig positiv til prosjektet, og det blir fantastisk å ta i bruk stien når alt straks er ferdig, fortel Brekke og Virkesdal overfor dei to banktilsette på den nye parkeringsplassen som er utarbeidd like ved Brekkestranda Hotell.
-No har vi fått på plass ein flott sti opp frå Brekkestranda, og på den måten slepp vi unna parkering- og trafikkutfordringar der gamlestien gjekk, orienterer Rune Virkesdal og tek med seg Denis Duranovic og Severin Rokne på synfaring opp til toppen av Søtekollen.
Stor breidde
-Dette er eit fantastisk folkehelse-prosjekt. Vi veit kva appell Søtekollen har for folk i kommunen og tilreisande. Dette er det mest populære turmålet i fjelltrimmen, og med den tilretteleggjinga som er gjort her, så vil garantert trafikken auke. Dette er kort og godt fantastisk å sjå, seier Rokne og Duranovic om arbeidet som er utført i stiprosjektet.
Det er Gulen kommune via Brekke idrettslag som har fått tildelt nye 450 000 kroner til Søtekollen-prosjektet. Det er DNT Sogn og Fjordane som har tildelt støtta, som igjen har si finansielle støtte gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og deler kvart år ut gåvemidler til lag og organisasjonar med allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane.
Se også