Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Dette blir eit eldorado

Askvoll kommune sitt initiativ om å oppgradere turstien «Prestegarden rundt» har blitt belønna med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og er allereie i ferd med å bli eit myldreområde for små og store.

Publisert: 17. februar 2026
Skrevet av: Stig Roger Eide
Inspirasjon

Banksjefen i SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Torun Mattson, kunne sist veke leggje turen til «Prestegarden rundt» i Askvoll, og samstundes orientere Arve Åsnes og Helene Nordstrand i kommunen at dei er tildelt 180 000 kroner til dette vedlikehaldsarbeidet gjennom DNT Sogn og Fjordane sitt stiprosjekt  «Eg gjekk ein tur på stien». Samstundes vart eit førtitals deltakarar i Barnas Turlag Askvoll påskjønna med medaljar og turgodt av banksjefen.

Saman om prosjektet

-Her ser du kor viktig dette turområdet er for folk i Askvoll. Skular, barnehagar og ikkje minst institusjonar inanfor helse og omsorg nyttar denne turstien svært ofte.  Den har eksistert sidan 1992, men arbeidet med å ferdigstille skaut først fart på midten på 2000-talet. Det har vore eit tett samarbeid mellom Askvoll kommune og frivillege lag og organisasjonar om dette arbeidet. No ser vi at den aktive bruken og slitasjen har gjort at vi må intensivere innsatsen for å halde den vedlike, seier rådgjevar Arve Åsnes i Askvoll kommune. 

Viktig turområde

Saman med folkehelsekoordinator Helene Nordstrand deltek dei på den knappe tre kilometer lange rundturen saman med Torunn Mattson, og er veldig takksame for støtta som banken bidrege med.

-Arbeidet med denne populære turstien er forankra det kommunale planverket, og er den viktigaste ferdselsåra for friluftslivet i kommunen. I tillegg til sjølve rundturen rundt Prestegarden, så er dette innfallsporten til dei populære turfjella nord for Askvoll. Og det å få denne støtta på 180 000 kroner er midt i blinken for oss. No kan vi straks gå i gang med arbeidet med å restaurere og renovere deler av stien. Målet er no å bli ferdig med dette i løpet av hausten, seier Nordstrand under synfaringa og viser til at både grusing av stien, reinske grøfter og stikkrenner og klippe kantar og sideareal er noko av det som vil gjort først.

Eldorado

-Elles må vi saman med dei frivillege skjære ned aktuell vegetasjon og drive normal skjøtsel langs stien. Det er lite vindfall i området, men derimot gror mykje igjen. Dessutan må vi påsjå at bruene held standarden vi forventar for at området skal vere så tilgjengeleg som mogleg, seier Arve Åsnes og ser alle ungane i Barnas Turlag Askvoll samle seg ved gapahuken om lag 600 meter frå parkeringsplassen.

-Dette er eit eldorado for svært mange, og er eit viktig folkehelsetiltak i Askvoll kommune. Området blir meir og meir brukt etter kvart som folk oppdagar kor flott det er her. Så dette er ei pengegåve vi er svært takksame for. Så no kan vi gå i gang med jobben, seier Åsnes som samstundes vil jobbe med prosjektering og få fullfinansiert prosjektet. 

-Så noko av jobben vil nok gå over til vårparten. Men vi er i gang, smiler Askvoll-duoen.

Pengegåva på 180 000 kroner til opparbeiding av turstien «Prestegarden rundt» er gjeve av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og deler kvart år ut gåvemdiler til lag og organisasjonar som driv allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane. I dette prosjektet har stiftinga gjennom DNT Sogn og Fjordane initiert eit stiprosjekt, «Gjekk ein tur på stien», som skal løfte dette viktige folkehelsearbeidet i tida framover og som deler ut pengegåver til aktuelle søkjarar.

På bildet ser vi deltakarane på Barnas Turlag Askvoll ved gapahuken då det vart kjent at turstien «Prestegarden rundt» fekk 180 000 i støtte til opparbeiding av banksjef Torunn Mattson i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem