Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tursti til Søtekollen er eit av prosjekta som har mottatt midlar frå Eg gjekk ein tur på stien

Disse har fått tildeling frå Eg gjekk ein tur på stien

I prosjektet har vi hatt tre søknadsrunder med søknadsfrist 1. oktober 2024, 15. februar 2025 og 1. oktober 2025. Vi har mottatt totalt 21 søknader og tildelt midlar til 17 av prosjekta. Det er til nå tildelt 5,6 millionar kronar i prosjektet.

Publisert: 26. januar 2026
Inspirasjon

Fyrste søknadsrunde

Ved den fyrste søknadsrunden mottok vi fem søknader frå tre kommunar: Sogndal, Stad og Askvoll.

Alle stiane det vart søkt midlar til, var flotte prosjekt med fokus på utvikling av stiar i nærleiken av der folk bur. Prosjekta la vekt på folkehelse, god tilgjengelegheit og nærfriluftsliv. Det er kjekt for oss i DNT Sogn og Fjordane å kunne bidra til gode naturopplevingar i lokalsamfunna rundt om i regionen.

Følgjande prosjekt fekk støtte:

Frivillig lag Kommune Stiprosjekt Tildelt beløp
  Askvoll  Prestegården rundt 180.000 
Vener av Balestrandfjella Sogndal  Tursti Kreklingen Skåsheim 300.000 
Kjørnes Vel Sogndal  Tursti Vikane-Lem 333.333 
Selje Idrettslag Stad  Seljetrappene 425.000 
  Stad  Sti til dagsturhytta på Naustdalskamben 75.000 

Prestegården rundt i Askvoll

Søkar: Askvoll Kommune

Tildelt beløp: 180.000 kr.

Prestegarden rundt er mykje brukt av folk i alle aldrar
Prestegarden rundt er mykje brukt av folk i alle aldrar. Foto fra prosjektplan innsendt av Askvoll Kommune

Turvegen «Prestegarden rundt» har eksistert sidan 1992, men vart for alvor etablert på midten av 2000-talet. Gjennom eit samarbeid mellom kommunen og frivillige lag vart turvegen utbetra med bru over Presteelva samtidig som det vart sett opp eit informasjonsskilt ved parkeringsplassen i Storehaugvegen. Seinare i 2019 vart det etablert eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjordane Friluftsråd og Askvoll Vel der ein fekk på plass ny skilting.

Prestegarden rundt er ei rundløype som er lett tilgjengeleg og ein kan byrje på vegen frå ulike stader. Turvegen ligg sentralt i forhold til både barnehage, skule og omsorgssenter og gjer den såleis svært attraktiv som eit lågterskeltilbod for Askvoll sine innbyggjarar. Med parkeringsplass i begge endar fungerer turvegen og som innfallsport til Askdalen som har turstiar til dei sju fjella rett nord for Askvoll sentrum.

Hovudmålet er å oppgradere «Prestegarden rundt» til ein “godt tilgjengeleg” turveg slik at den kan bli brukt av mange fleire og nyttast trygt i åra framover. Dette vil gjere turområdet meir tilgjengeleg for ålmenta og sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med tanke på folkehelse, livskvalitet og bulyst.

Kilde: Prosjektplan innsendt av Askvoll Kommune

Tursti Kreklingen Skåsheim i i Balestrand

Søker: Vener av Balestrandfjella og Sogndal Kommune

Tildelt beløp: 300.000 kr.

Turstien Kreklingen - Skåsheim er Balestrand sitt viktigaste nærturområde. Stien vart bygd på slutten av 1990-talet og er ei rundløype på om lag 4,5 km. Det er lett tilkomst til stien frå alle bustadfelta i Balestrand sentrum. I eit folkehelseperspektiv er det dette friluftslivstiltaket som klart har gjeve mest effekt i Balestrand.

Turstien her er svært mykje nytta av mange målgrupper. Både Sagatun barne og
ungdomsskule og Sygna vidaregåande skule med til saman 320 elevar nytter området myke i samanheng med turar og fysisk aktivitet. Folk i alle aldrar i Balestrand bruker stiane til tur og trening. Lett tilgjenge gjer at ein alle kveldar, ettermiddagar og helger, uansett ver, møter folk. Stien har også vorte eit svært mykje nytta turmål for turistar, og slik eit viktig produkt for reiselivet.

Kilde: Prosjektplan innsendt av Vener av Balestrandfjella

Oversikt over turstiprosjekt i Balestrand. Kilde: Prosjektplan innsendt av Vener av Balestrandfjella

 

Tursti Vikane-Lem i Sogndal

Søkar: Sogndal Kommune

Tildelt beløp: 333.333 kr.

Prosjektgruppe for tursti Vikane-Lem. Foto Stig Roger Eide

I samarbeid med Kjørnes velforeiningar ønskjer Sogndal kommune å oppgradere den gamle ferdselsvegen mellom Vikane og Lem. Den gamle ferdselsvegen mellom Vikane og Lem har spor heilt tilbake til kong Sverre si tid. Ruta er den mest tilgjengelege turvegen mellom Sogndal og Kaupanger for gåande og syklande, men ber preg av slitasje, erosjon og lite vedlikehald. No ønskjer kommunen å oppgradere vegen for å gjere det enklare for fleire å bruke den som turveg.

Mål for stiprosjektet
Standarden på turvegen gjer at den er vanskeleg å bruke for personar som treng jamt dekke, som har barnevogn eller syklar/el-syklar utan mykje demping. Ei oppgradering vil gjere turvegen meir attraktiv for familiar som skal til Eidet for å bade, personar med lettare funksjonsnedsettingar, foreldre på trilletur og syklande mellom Sogndal og Kaupanger. I dag er det ingen trafikksikre
alternativ for gåande og syklande som ønskjer å ferdast mellom Sogndal og Kaupanger. Ei oppgradering av turvegen vil såleis ikkje berre gjere eit flott turområde meir tilgjengeleg for fleire innbyggjarar, men det vil også gjere det tryggare å sykle mellom Sogndal og Kaupanger. Sogndal har ein stor del el-syklistar, og oppgradert turveg vil gjere at endå fleire kan bruke el-sykkel istaden for bil til pendling og til turmål som Eidet, Vikane, Sogn folkemuseum og turstinettet på Kaupanger.

Beskriving av turruta
Turvegen frå Vikane til Lem er 1,4 km lang og har litt over 100 meter stigning. Det er parkeringsplassar, offentlege toalett og badestrender på begge sider av turvegen, i Vikane og i Eidet.


Frå Vikane går turvegen i om lag 1,5 meter breidde i slak stigning opp til Lemhyttene. Sjølv med eit jamnare dekke vil nokre moderate bakker undervegs gjere det vanskeleg for rullestolbrukarar å nytte seg av turvegen, som er gradert grøn på ut.no. Frå Lemhyttene går det ein merka tursti 130 meter ned fjordsida til badestranda i Eidet. Dette partiet går i hovudsak på sti, med nokre parti som er litt utydelege, steinete og lite eigna for barn og eldre. Frå Lemhyttene går det også dels asfaltert veg, dels sti og dels turveg til Vesterland. Både partiet ned til Eidet og partiet til Vesterland er aktuelle

Kilde: Prosjektplan Vikane-Lem sendt inn av Sogndal Kommune

 

Finn veg til Vikane-Lem her: Fottur frå Vikane til Valeberg | UT.no

Seljetrappene

Søkar: Selje Idrettslag

Tildelt beløp: 425.000 kr.

Det går merka tursti frå Selje sentrum til Tarvaldseggja. Eit mykje brukt turområde og Selje IL har fleire fjellpostar utlagt på strekninga. Men heile strekninga har stort behov for opprusting, og tryggare/betre tilkomst i ura nedanfor Tarvaldseggja er heilt nødvending. Oppgradering vil føre til stor auke i aktivitet og eit viktig bidrag for folkehelse og gode opplevingar i naturen.

Frå byggefeltet i Djupedalen er det tidlegare bygd turvei i grus med lys opp til Risnakken. På Risnakken er der Dagsturhytte og fleire treningsapparat. 

Vi har sett ein voldsom auke i antal turgåarar etter at vi starta prosjektet i 2022. Vi forventar at antal turgåarar vil auke endå meir etter kvart som traseen vert ferdigstilt. Målsettinga for prosjektet er å få fleire ut i naturen og i fysisk aktivitet, noko som gjev glede og gode opplevingar for alle.

Kilde: Frå prosjektrapport innsendt av Selje Idrettslag

Finn veg til tursti til Tarvaldseggja her: Fottur til Kvernhusdalen via Risnakken og Klipet | UT.no

Selje Idrettslag mottok 425.000 kr til prosjektet Seljetrappene. 

Tursti til dagsturhytta på Naustalskamben

Søkar: Stad Kommune

Tildelt beløp: 75.000 kr.

Dagsturhytta på Naustdalskamben vart oppført som del av dagsturhytteprosjektet, og skal vere tilgjengeleg og open for alle. Prosjektet vil forbetre moglegheita og gjere naturen lett tilgjengeleg for alle. Dagsturhytta er og skal vere eit lågterskeltilbod for alle – fastbuande og tilreisande, barn,
unge og vaksne folk, uavhengig av sosial-, økonomisk- og kulturell bakgrunn.

Restaurering og forsterking av eksisterande tursti, slik som omsøkt, vil også hindre slitasje på naturen rundt, då ferdsel vil bli kanalisert inn på sti og ikkje ut på myr og i annan vegetasjon rundt stien.

Kilde: prosjektrapport innsendt av Stad Kommune

Finn veg til Dagsturhytta på Nausdalskamben her: Naustdalskamben - dagsturhytte i Stad kommune | UT.no

Dagsturhytta Naustdalskamben med oppgradert sti. Foto frå prosjektrapport innsendt av Stad Kommune

 

Andre søknadsrunde

Ved andre søknadsrunde mottok vi fem søknader frå fire kommunar; Solund Kommune, Gulen Kommune, Stryn Kommune og Sogndal Kommune.

Følgjande prosjekt fekk støtte:

Frivilliag lag Kommune Stiprosjekt Tildelt beløp
Brekke Idrettslag Gulen Tursti til Søtekollen 500.000
Oppstryn Bygdeutviklingslag Stryn Tursti til Segestad 240.000
Vener av Balestrandfjella Sogndal Tursti Buråsi 205.000
Vener av Balestrandfjella Sogndal Keipenstien 400.000

Tursti til Søtekollen

Søkar: Brekke Idrettslag

Tildelt beløp: 500.000

Turen til Søtekollen er og har vore mykje brukt både av lokale og tilreisande, og talet besøkande har auka mykje siste åra. Det var heilt naudsynt å få gjort noko med våte område der stien blei breiare og breiare, og bratte berg som må sikrast for at stien skal bli tryggare.

Denne stien er utvald som den bygda satsar på å gjere mest mogleg tilgjengeleg, og totalt sett er her turar for alle, enten dei syklar, går, joggar eller trillar.

Ønska effekt av prosjektet

Folkehelse har vore eit viktig tema frå me starta planlegginga av arbeidet. Me ynskjer at folk skal trivast og at unge skal flytte heim, då må me ha ulike tilbod, og noko for alle. I og med at deler er universelt utforma, vil alle ha alternativ og kan komme seg ut i naturen. For dei som kjem seg opp til Søtekollen, er utsikta fantastisk!

Kilde: Prosjektplan innsendt av Brekke Idrettslag

Finn veg til Søtekollen her: Fottur til Søtekollen 557 moh

 

Tursti til Segestad

Søkar: Oppstryn Bygdeutviklingslag

Tildelt beløp: 240.000 kr.

Fjellgarden Segestad

Sigdestad er ein gammal gard. Opphaveleg heitte garden Sigvaldstadir og vart truleg oppteken på 800-talet, kanskje før. Namnegransking viser at gardar som endar på -stad som regel vart rydda i vikingtida (800-1050).

Segestad ligg på ei fjellhylle 315 moh. Vegen opp er mange stadar bratt og krevjande, i alle høve var det slik i gammal tid. I det brattaste og vanskelegaste partiet måtte dei klive opp ein stige for å kome seg til gards. I 1723 mina dei og sprengde ut ein veg her som den dag i dag vert kalla Mininga. Dyr som skulle til eller frå Segestad måtte før denne tid jagast til Segestadsetra for å krysse elva der. Derifrå var det god krøtersti til Glomnes.

Målgruppe for turstiprosjektet

Den korte turen til Segestad har fleire tusen besøkande kvart år. Bruken av dalføret (Glomsdalen) vidare innover mot Stol er også bra besøkt, men noko lågare besøkstal her. Turen er først og fremst en viktig nærtur, lokale har alltid brukt område. Fleire skuleklassar besøker område kvart år. Barnas turlag har arrangerte turar til staden. Så har det i nyare tid også auka litt med regionale, nasjonale og internasjonale brukarar. Ved bra vær er det bra besøk gjennom vekene med fellesferie. Men staden er også godt besøkt på skuldersesong vår og haust. Om vinteren kan stien
vere utilgjengeleg gjennom korte periodar grunna større snømengder.

Av opplevelseskvalitetar er det sjølvsagt sjølve Segestad gard med kulturhistorie og utsikt som trekker. I tillegg har ein fossen ved startpunkt på tur ved Glomnes, ein stor del av dei besøkande er innom her. Langs stien er fleire utsiktspunkt, nokre godt tilrettelagt med kvilebenkar.

Kilde: Prosjektrapport utarbeidet av Utmarksressurs 

Finn veg til Segestad her: Segestad | UT.no

 

Tursti Buråsi

Søkar: Sogndal Kommune og Vener av Balestrandfjella

Tildelt beløp: 205.000

Bakgrunn for prosjektet

Det er i dei siste 10 åra utført mykje tilrettelegging på stiane over Balestrand sentrum og opp mot Raudmelen med ulike rundturar av ulik vanskegrad. Dette har ført til ein stor auke i bruken av stiane. Dei parsellane som det er gjort tiltak på i form av hellelegging, gangbanar og graving med minigravar har holdt seg svært så bra. Men dei parsellar som ein ikkje har gjort tiltak på var opprinneleg brukbare, men er no blitt svært slitte og prega av røtter, gjørmete og erosjon. Dette gjeld særleg stekninga Bruråsi -Fjærestadstølen-Orramyri.

Turutgangspunkt er frå Kreklingen stadion/ Sagatun skule og er tilgjengeleg til fots frå heile Balestrand tettstad. Her finn ein eit nett med turstiar av ulik vanskegrad, naturleikeplassar, gapahukar, leirplassar, benkar på utkiktspunk m.m.

Stien i et folkehelseperspektiv

I eit folkehelseperspektiv er dette eit friluftslivstiltaket som har stor effekt i Balestrand. Turrutane her er svært mykje nytta av mange målgrupper til tur og trening, og folk frå heile regionen kjem for å vandre her i godt tilrettelagde stiar. Lett tilgjengeleg gjer at ein alle dagar, uansett ver, møter folk i stiane. Stian har og stor nytte som turmål for turistar.

Med nye tiltak på utbetringar av stien vil auke attraktiviteten ytterlegare og vil freiste fleire til å nytte turrutene, samt bidra til eit godt varemerke for vandring i Balestrand.

Kilde: Prosjektrapport innsendt av Vener av Balestrandfjella

Keipenstien

Søkar: Sogndal Kommune med Vener av Balestrandfjella

Tildelt beløp: 400.000 kr.

Esebotn og Esefjella er eit spektakulært fjellområde som ligg tett ved Balestrand sentrum. Det har sidan 2015 vært jobba med betre sti til Keipen, 1417 moh, som ei fyrtårnrute for vandring i Sogn. Eit stort løft blei utført i 2016-17 med stor dugnadsinnsats. I tillegg har innleigd Sherpaer bygd om lag 1000 m steintrapper i urane. Dette har resultert i sterk auke av besøkande frå heile fylket og
ikkje minst frå andre land.

Turutgangspunktet vil nås i løpet av 3-4 minutt med bil frå sentrum og ligg innfor rekkevidde til fots og med sykkel. Dette gjer at området og tilrettelegging her vil ha eit nærmiljøaspekt samstundes som det er utgangspunkt for meir krevjande turar med opplevingskvalitetar på øvste hylle i nasjonal samanheng.

Tiltak på utbetringar av stien vil betre kvaliteten og hindre større erosjonar av terrenget, samt bidra til betre sikringstiltak.

Finn veg til Keipen her: Fottur til Keipen | UT.no

 

Tredje søknadsrunde

I tredje søknadsrunde fekk me inn 11 søknadar fordelt på 8 ulike kommunar i Sogn og Fjordane.

Prosjekta som det vart søkt midlar til svarte godt inn mot formålet til Eg gjekk ein tur på stien. Me fekk søknader til mange flotte turstiar som skal oppgraderast slik at dei blir lettare å gå, utsatt for mindre slitasje og betre tilgjengelege for lokalbefolkninga - dette synest med i prosjektgruppa er utroleg flott.

Følgjande prosjekt fekk tildeling:

Frivillig lag Kommune Stiprosjekt Tildelt beløp
Balestrand og Høyganer Turlag Høyanger Kommune Sommerstien i Høyanger 487.000 
Øen Grendalag Hyllestad Kommune Folkestien i Sørbøvåg 100.000 
Hafslo Bygdelag og Luster Turlag

Luster Kommune

Tursti frå Hestenes til Osen 750.000 
Idrettslaget Frøy

Bremanger Kommune

Tursti til Dosabu 125.500 
Midtre Nordfjord Turlag Gloppen Kommune Sti til Haugsvarden 500.000 
Dale IL Fjaler Kommune Tusti Dalsåsen 480.000 
Bymarkas Venner Sunnfjord Kommune Tursti Langeneset og vestsdia av Bekkjavatnet 500.000 
Kyrkjebø IL Høyanger Kommune Fossen Sti 235.640 
       

Sommerstien i Høyanger

Søker: Høyanger Kommune og Høyanger og Balestrand Turlag

Tildelt beløp: 487.000 kr.

I Høyanger sentrum bor ca. 1900 innbyggjarar, så det er stor trong for nærturstiar.

Sommerstien er her ein viktig del av stinettet til fjells. Stien er ca. 2,3 km lang og starter i Fjellvegen, 330 moh og ender på Grimsosen ca. 600 moh. Frå Grimsosen kan ein og forsette vidare i fjellet mot sørvest til Toppenhytta eller nordvest mot Dagsturhytta og fjella i nord. 

Sommerstien er et flott nærturprosjekt.
Foto frå prosjektplan innsendt av Høyanger Kommune

Sommerstien er og eit gamalt kulturminne om ein gamal stølsveg som blei nytta før Fjellvegen opp blei bygd. Her er spor av tidlegare bygging i stein og steintrapper. Men desse har mange plassar blitt skylt vekk med tidens tann og framkomsten er i dag mange plassar bratt og krevjande og ikkje utan risiko for turgåande. Og det er nok dette som gjer at stien ikkje vært nytta så mykje, sjølv om den ligg lett tilgjengeleg nær sentrum. Så her er det stort potensiale ved å tilretteleggje ei opprusting av dei ulike flaskehalsane på stien. 

Opp til utgangspunktet for Sommerstien kan ein følgje Fjellvegen eller gå opp Trappen frå sentrum. Men Trappene er no stengt på grunn av fare for uhell. Eigaren Statskraft har planar om fornying av desse i eit prosjekt kalla K1, slik at om nokre år kan ein nytte desse att som ein god tilkomst til Sommerstien.

Finn veg til utsiktspunkt for sommerstien her: Sommerstien | UT.no

Et prosjekt for auka folkehelse og bulyst

Sommerstien er ein mykje brukt nærtursti som går rett frå sentrum i Høyanger. Utbetring og universell tilrettelegging vil gjere det mogleg for langt fleire å bruke stien trygt – både eldre, familiar med barn og nye innbyggjarar. Ein oppgradert sti vil stimulere til dagleg aktivitet og bidra til trivsel, livskvalitet og bulyst i kommunen. Han vil òg styrkje inntrykket av Høyanger som ein attraktiv stad å bu og besøke, med lett tilgjengeleg natur via trapper frå sentrum.

Stor frivillig innsats
Prosjektet er forankra i samarbeid mellom Høyanger kommune, Balestrand og Høyanger Turlag, og vil aktivere dugnadsinnsats frå frivillige. Deltaking i planlegging og gjennomføring vil bidra til å styrke den lokale kompetansen på stiutvikling, og skape varige samarbeid mellom kommune og frivillige lag. Prosjektet kan også trekkje med nye grupper inn i frivillig arbeid, til dømes skular eller idrettslag.

Folkestien i Sørbøvåg

Søkar: Øen Grendalag

Tildelt beløp: 100.000 kr.

Folkestien i Sørbøvåg er ein tursti som starta med ei tilrettelegging i regi Øen Helselag, der prosjektgruppa i Øen Grendelag tok over arbeidet i 2022. Det vart i 2022 utarbeidd ein heilheitleg plan med søknad om spelemiddelfinansiering som eit nærmiljøanlegg i oktober 2022. Plan baserte seg på å oppgradere stien slik at den får ei lengde på 3,1 km. (som ei rundløype), kunne brukast året rundt. Dette stiprosjektet vart opna den 14 juni 2025 og har undervegs i opparbeidinga, og etter opning, vore ein svært godt brukt turveg, og ein må kunne sei at turvegen slik den no framstår er ei suksess oppskrift på korleis ein kan tilrettelegge for at flest mogleg kan komme seg ut i naturen. Det at stien er ei rundløype og at ein kan parkere på 5-ulike punkt for å starte turen er også sterkt medverkande til å auke tilgjengelegheita for Folkestien.

Utdviding av Folkestien

Basert på dei erfaringar ein har med å opparbeide Folkestien, både i forhold til mengde dugnadstimar, erfaring med bruk av mindre maskiner og utstyr, samt korleis best handtere terreng og underlag, ser ein at det er både mogleg og sterkt ynskjeleg å få til ei utviding av stien.

Ein har sett på ei løysing med å utvide stien med ei ny sløyfe på 1 km. lengde, denne vil i si heilheit gå langs eit gamalt tråkk i skogen og ein har funne ei god linje å ta sti utvidinga tilbake langs nordsida av elva, for så å knyte seg på igjen på eksisterande sti.

Denne utvidinga vil auke samla lengde til ca. 4,1-4,2 km. turveg, framleis vil den vere som ei rundløype, og den vil gje fleire moglegheiter for å ta ulike turval, alt etter funksjonsevne og kapasitet.

Kilde: Prosjektplan innsendt av Øen Grendalag

Finn veg til Folkestien her: Folkestien | UT.no

Tursti frå Hestnes til Osen

Søkar: Luster Kommune med Hafslo Bygdelag og Luster Turlag

Tildelt beløp: 750.000 kr.

Ny tilkomst til turvegen mot Simosete

Hafslo har eit flott turområde i Hafslo bygdeallmenning og langs skogsvegen (Simosetevegen) på vestsida av Hafslovatnet. Men tilkomsten frå bustadområda på Hafslo er i dag langs ein trafikkert og svingete fylkesveg med 70 sone, og ikkje trygt å ferdast i fots. Ein ny sti her vil betre dette merkbart, noko som er målsetnaden for denne planen.

Her skal den nye stien frå Hestnes gå. Foto frå prosjektplan innsendt av Hafslo Bygdelag

Tettstaden Hafslo har om lag 1600 innbyggjarar og ein tursti frå bustadfeltet på Hestnes vil her gjere ferdsel til fots tryggare, samt gi ei god naturoppleving.

Turutgangspunktet er frå eksisterande veg i Okleviki og følgjer eksisterande traktorveg opp til Kvamshaugen. Vidare frå Kvamshaugen og ned langs vatnet og bort til rasteplassen ved Osen. Frå rasteplassen og over elva til skogsvegen er det planlagt ei hengebru.

Mål for prosjektet

Med å tilretteleggje ein tursti er det som mål å få flest mogleg folk ut i naturen sjølv om ein har redusert rørsleevne eller redusert orienteringsevne. Men det skal framleis være ein sti, der natur og friluftsverdiar skal ivaretakast.

I dette prosjektet ønskjer ein å tilretteleggje for «godt tilgjengeleg», som betyr at turen er tilgjengeleg for eit breitt spekter av brukarar, men det må ikkje være ein turveg eller oppfylle krava til universell utforming. Dvs. ei opparbeiding som gir god framkomst på fast og jamt underlag utan store hindringar eller kryssing av bekk.

Det skal og være mogleg å nytte traseen til stisykling. Ei slik tilrettelegging vil opne for ei stor brukargruppe for kortare turar til Osen eller lengre turar Hafslovatnet rundt og gi ei merkbar tilskot til folkehelsa.

Kilde: Utdrag frå prosjektplan innsendt av Hafslo Bygdelag

Tursti til Dosabu

Søkar: Idrettslaget Frøy

Tildelt beløp: 125.500 kr.

Dosabu - panoramisk utsikt

Frå stien mot Dosabu mot den vesle grenda Nesje. 
Foto: Utmarksressurs

Dosabu er ei dagsturhytte med spektakulær plassering på Dosavarden (291 moh.) på kanten av det bratte, steinete terrenget på øya Frøya. Initiativtakar og eigar av hytta er idrettslaget Frøy. Utsikta frå den kanten og ned den bratte fjellsida mot havet er panoramisk og storslagen. På dagar med storm og dårleg vær er bølgene som slår inn mot land langt under deg ein fantastisk
opplevelse.

Det er to ruter til Dosabu. Den mest brukte har startpunkt nordaust på Frøya, 250 meter før ein kjem til den vesle bygda Nesje. Denne kortaste ruta er om lag 3 km. Så kan ein også gå frå den vesle tettstaden Kalvåg sør på øya. Her er det om lag 6,5 km gjennom kupert og ope kystlandskap til hytta.

Stormhytta, som har ei plassering som er nøye planlagt med tanke på naturinngrep, utsikt og materialbruk, er open heile tida. Det er ikkje råd å overnatte på hytta. 

Populært turmål

Ein veit ikkje heilt nøyaktig kor mange besøkande ein har til hytta. Men ein veit at det dreiar seg om fleire tusen gjennom eit år. Sidan byggeåret 2019 har populariteten til dette turmålet berre auka på. Det er eit svært populært lågterskel turtilbod som eit stort omland nyttar seg av gjennom
heile året. Også tilreisande turistar har oppdaga staden.

Kilde: Utdrag frå prosjektrapport utarbeidet av Utmarksressurs.

Finn veg til Dosabu her: Dosabu | UT.no

Sti til Haugsvarden

Søkar: Gloppen Kommune med Midtre Nordfjor Turlag

Tildelt beløp: 500.000 kr.

Haugsvarden - ein populær fjellsti med storslått utsikt

Fjellområdet rundt Haugsvarden har mange kvalitetar. Det slakke og flate fjellområde og naturen innbyr til vandring for alle, med storslått utsikt over fjord og fjellandskapet rundt.

Her ligg den 3,4 km lange stien, med utgangspunkt frå parkeringa i enden av Almeskogvegen ved Tystadstøylen (325 moh) og opp til Haugsvarden (862 moh).
Dette er ein av dei mest brukte stiane til fjells i Gloppen. Med nærleik til tettstaden Sandane er det kort veg med bil opp til parkeringa, eller ein går frå sentrum. Stien er difor ein viktig nærsti og folkehelsetiltak for innbyggjarane.

Ein ser resultatet av auka ferdsel.
Foto: Jørgen Hundseth

Auka ferdsel og auka slitasje

I den siste tida har ein merka auka ferdsel som har resultert i store slitasjar og erosjon på sti og terreng.

Målet er å utbetre stien slik at den gir god framkomst på fast og jamt underlag utan store hindringar. Det bør gjerast tiltak som kan tåle auka ferdsel både til fots og på sykkel.

Ei slik tilrettelegging vil opne for ei stor brukargruppe for kortare turar eller lengre turar.

Kilde: Utdrag frå prosjektrapport utarbeidet av Jørgen Hundseth

Finn veg til Haugsvarden her: Fottur til Haugsvarden (862 moh) frå Tystadstøylen | UT.no

Tursti Dalsåsen

Søkar: Fjaler Kommune 

Tildelt beløp: 480.000 kr.

Tursti på Dalsåsen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fjaler kommune og turgruppa til Dale idrettslag. Gjennom prosjektet skal ein transformera 300 meter tursti til turveg og ruste opp 350 meter turveg med betre dekke. Dette vil gje ei mogeleg rundløype frå sentrum på ca 7,5 km som kan brukast av vogn med barnevogn, syklande m.m.

Vil gje eit allereie tilrettelagt friluftsområde meir tilgjengeleg og samstundes gjere at eldre/personar med nedsett funksjonsevne tilgang til nye område.

Turstien blir ein inngangsport til eit spennande område som dei siste åra har vore dekt med skog – men som er opna opp av hogst dei siste tre år.

Området som skal tilretteleggeast med ny tursti. 
Kilde: Prosjektplan innsendt av Fjaler Kommune

 

Friluftsliv nær der folk bur

Alle har behov for utandørs aktivitet. Sjølv om vi i Fjaler har gode føresetnader for å vera utandørs så er det for mange ein terskel for å delta. Dette kan handle om motivasjon og fysisk. Men ofte handlar det også om fysisk tilrettelegging.

Det er ikkje nødvendig med 2 meter breidde på alle stiar. Vi har eit naturleg kupert landskap så det vil vera utopi å gjere dette tilgjengeleg for alle. Basert på erfaringane vi har hatt med Elvestien trur vi at det å likevel å tilrettelegge meir for slik turveg gjer at området vil verte meir tilgjengeleg for barnevogner, syklar og dei som er dårlege til fots. 

Fjaler har dei siste 20 åra hatt ei bevisst haldning til at det å merka og tilrettelegge turstiar er ein del av det som gjer oss attraktive. Vi har hatt fokus på kvardagsmosjon og at det skal vera turstiar nær der folk bur. 

Turen for Dalsåsen som vi no ynskjer å oppgrader for nye grupper er eit ledd i dette langsiktige arbeidet. Denne vegen vil gjere det lettare for eldre og andre grupper som slit med balanse å komme seg ut frå dei asfalterte vegane som dei ofte deler med bilane. 

Stor dugnadsinnsats i kommunen

Fjaler kommune har hatt eit godt samarbeid med grendelag og idrettslag knytt til utarbeiding av turstiar sidan rundt 2010. Alle stiane er drifta på dugnad av idrettslaga og det er veldig god standard på merkinga og tilrettelegginga på desse stiane.

Kilde: Prosjektrapport innsendt av Fjaler Kommune

Finn veg til Dalsåsen: Rundløype Grøneholten Østenstad F12 - 8,3 km | UT.no

Tursti på Langeneset og vestsida av Bekkjavatnet

Søkar: Sunnfjord Kommune og Bymarkas Venner

Tildelt beløp: 500.000 kr.

Bakgrunn for prosjektet

Bymarka/Bekkjavatnet er eitt viktig friluftslivsområde for innbyggarane i Førde og omland, og det har vore utført tiltak gjennom mange år for å legge til rette for friluftslivet. Område har status som omsynssone friluftsliv i kommuneplanen sin arealdel. Det er Bymarkas venner som i hovudsak har utført tilretteleggingstiltak i samarbeid med Bruland utmarkslag og kommunen.

Strava heatmap syner mykje aktivitet, spesielt i barmarksesongen. Område blir mykje brukt til bading, fotturar, båtaktivitet, organiserte turar/overnatting mm. Turen rundt Bekkjavatnet er om lag 6-7 km lang, og store delar av denne går på sti. Skogsbilvegen frå Langelandshøgda til Hundsrasta blir også brukt, og er lettare tilgjengeleg for fleire brukargrupper.  

Hundsrasta er tilrettelagt med gapahuk, utedo, badeplass, bålplass, bord/benkar mm, og blir ofte brukt for overnatting/rasting for større grupper, som skular og liknande. Lag- og organisasjonar, skule mm. har lov til å køyre inn til Hundsrasta ved behov/arrangement, og får då låne nøkkel til bommen frå kommunen.

Det er ein tilrettelagt parkeringsplass på Langelandshøgda tilknytt område, men mange nyttar også starten av skogsbilveg/velteplass/gamlevegen i nordenden av vatnet til parkering og starten av skogsbilvegen frå Langelandshøgda. Det går ein godt tilrettelagt turveg frå Førde sentrum (Flatene) til nordenden av Bekkjavatnet, og du kan også komme deg dit via den Trondhjemske postveg frå Reset.

Tursti ved Bekkjavatnet.
Foto Solfri Traa

Nye tiltak skal auke tilgjengelegheita

Som omtala ovanfor er det gjort mykje tilretteleggingstiltak for friluftslivet allereie i område. Bymarkas venner er gang med nye tiltak for å auke tilgjengelegheita, og gjere det lettare å bruke område for fleire. Dei ønsker spesielt å utvikle område Hundsrasta – Langeneset framover. 

I 2025 vart sti-prosjektet mellom Hundsrasta og Langeneset ferdigstilt, og det er no ønske om å vidareføre stien vestover mot nordenden av vatnet. I tillegg er det ønskeleg å få etablert ein breiare turveg (traktorveg) frå skogsbilvegen og ned mot Langeneset for å gjera det lettare for fleire brukargrupper å kome seg til Langeneset, og å etablere ei rundløype (Langelandshøgda – Hundsrasta – Langeneset – Langelandshøgda).  

Et folkehelsetiltak
Tur-rutene rundt Bekkjavatnet er populære og område blir mykje brukt til bading, fotturar, båtaktivitet, organiserte turar/overnatting mm. Område ligg nært Førde, og Bekkjavatnet blir omtala som Bymarka. Det går ein turveg frå byggefeltet Flatene til nordenden av vatnet, og område har tilrettelagt ein parkeringsplass på Langelandshøgda.

Stien rundt Bekkjavatnet er godt tilrettelagt, og er eitt lågterskeltilbod. Stien går i relativt flatt terreng og har lite stigning. Det krev lite kunnskap og erfaring for å gå stien rundt vatnet. Det er etablert rekkverk på klopper som går over vasskanten.

Kilde: Prosjektplan innsendt av Sunnfjord Kommune

Fossen sti

Søkar: Kyrkjebø IL og Vadheim IL

Tildelt beløp: 235.640 kr.

Fossen sti 

Fossen sti er lokalisert ved starten av eit dalføre som fører opp til fjellgarden Fossen og ligger sentralt til i Vadheim og er ein historisk ferdselsveg som mange allreie brukar. I Vadheim bur det ca 246 innbyggjarar og ei opprustning vil gjere stien tryggare og meir tilgjengelig, og slik stimulerer fleire til dagleg aktivitet i nærmiljøet. det er mangen som nyttar seg av nærtur mulighetene som er her. Fossen sti er ein av desse og er eit kulturminne i seg sjølv, då den var viktig for ferdsel for dei som budde på fossen gard for tilkomst til handelsstaden vadheim. 

Kulturlandskap med kulturminner frå ein svunnen tid

Stien tek ein opp til eit flott friluftsområde i Fossedalen. Det er tildels bratte og kuperte parti i startpunktet om ein skal komme seg opp i høgda, og ein må nytte seg av gamle kløvstiar for å komme seg fram til turmålet ein ønsker å oppleve. Fossen sti leder fram til ein gamal fjell gard frå 1800 tallet, Fossen gard. I følge kjelder er området truleg bebudd sidan 1600 tallet. Dette er eit flott og gamalt kulturlandsskap og har gamle byggningsrestar frå ei svunnen tid. Det er kulturminner i dette området som gamle kløvstiar, steintrapper og bruer. 

Fossen Gard.
Foto frå prosjektplan innsendt av Kyrkjebø IL

 

Oppgradering av stien skal trygge ferdselen for lokalbefolkninga

Det er eit viktig friluftsområde for innbyggjarane i vadheim og bygdene rundt og blir nytta til friluftsliv og rekreasjon. Dagens sti trase er ca 1.3 km lang og startar i kråkevika på 48 moh, ved fossen kjem ein opp i ei høgde på ca 372 moh.  Stien er kraftig erodert i begynnelse av stien og dei følgande 240 metrene og har begynt å skli ut, dette har ført til at folk kvir seg på å gå opp til fossen gard. Det er fallfare under kraftlinjene pga stien er blitt vasket ut samt at det er veldig bratt og ingenting å halde seg i når ein skal bevege seg opp eller ned stien rett etter turutgangspunktet. Det er også glatte parti lengre oppe i dalen som steinparti som har sklid ut pga erosjon og blaute parti med tildels myrdrag der steiner har sunket i myr. Det er derfor eit stort potensiale her for utbedring og vil føre til at ei mykje større brukargruppe vil kunne nytte seg av denne stien på nytt igjen. 

Finn veg til Fossen her: Fottur til Fossen ca. 380 moh frå Vadheim | UT.no

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem