Stor gåve til Bymarkas Venner
Fredag fekk eldsjelene i Bymarkas Venner ved Bekkjavatnet i Sunnfjord tildelt 500 000 kroner til oppgradering av sti. -Dette er fantastisk, seier Gilmar Kjelsnes.
Skrevet av: Stig Roger Eide
Kjelsnes er på mange måtar «Bymarkas far» då han heilt sidan 1995 har jobba dugnad på stien rundt Bekkjavatnet. Dugnadsgjengen har blitt stadig utvida, og tel i dag vel 20 aktive personar. Og nokre av dei kan bokføre innpå 300 dugnadstimar årleg i stiarbeid rundt vatnet.
Ros til gjengen
Akkurat dugnadsinnsatsen til Bymarkas Venner vart understreka av fleire då gåvesjekken på 500 000 kroner til det komande stiarbeidet vart utdelt. Bymarkas Venner fekk sjekken på vegner av Sunnfjord kommune, som er den formelle søkjaren til stiprosjektet «Eg gjekk ein tur på stien». Det er DNT Sogn og Fjordane som administrerer dette prosjektet, og Eirik Thue var raskt framme med å rose dugnadsgjengen.
-Då denne søknaden var oppe til handsaming i styret, var det full applaus. Det er mange som kjenner til den jobben som er gjort her oppe, og som heiar på arbeidet. Så det er berre «å stao pao» vidare, sa Eirik Thue før han vart orientert om planane for det komande stiprosjektet.
Utbetra sti
-No er det stien frå Langeneset og vestover som er planlagt. Den er 1,5 kilometer lang, og området som i dag består av mykje stein/røter og gamle kloppar over blautt terreng, skal utbetrast. Vi kjem til å gjere den same jobben som vi har gjort mellom Hundsrasta og Langeneset, og etablere ein grusa sti med breidde 60 til 80 centimeter, kunne leiaren i Bymarkas Venner, Agnar Åsnes, fasthalde.
Planen er dessutan at det skal lagast ein tilkomstveg frå skogsvegen mellom Langelandshøgda og Hundsrasta ned til Langeneset. Denne skal byggast av entreprenør, og skal gjere det mogleg at fleire brukargruppar kan få tilkomst til den nye gapahuken på Langeneset.
Støtte frå banken
Det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som deler ut gåvemidler til stiprosjektet «Eg gjekk ein tur på stien». Dette er eit fireårig prosjekt og gåveramma er på totalt 20 millionar kroner. Stiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, ogdeler kvart år ut gåvemdiler til lag og organisasjonar med allmennyttige føremål.
-Stien rundt Bekkjavatnet er eit svært godt døme på samarbeid mellom kommune, grunneigarar og frivillige. Det er utruleg mange som har glede av turstien rundt Bekkjavatnet, både når det gjeld fastbuande og turistar. Innsatsen til Gilmar og gjengen er i ypparste klasse. Kort og godt fantastisk, seier Yngve Thorsen, som er gåve og samfunnskontakt i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
-Vi kjem til å jobbe for fullt framover, og håpar berre at ikkje for mange turgåarar heftar oss, smiler Gilmar Kjelsnes og skottar bort på gåvesjekken.
På bildet ser vi bak frå venstre: Yngve Thorsen, Oddvar Flataker, Ove Helgås, Magn Henning Helgås, Eirik Thue, Torodd Bruland, Rolf Inge Tormodset og Agnar Åsnes. Framme frå venstre: Solfrid Trå, Anne Karin Tveit, Gilmar Kjelsnes og Anita Nordheim.
Se også