Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Frå venstre Trond Sundby, Jørgen Hundseth, Eirik Thue i DNT Sogn og Fjordane og Erlend Dale.

Lagar panoramaveg på dugnad

I desse dagar er arbeidet i gang med opprusting av stien Buråsi-Balastølen i lia over Balestrand sentrum. -Vi har tidlegare tilrettelagt god sti opp/ned til fjellet Raudmelen, men merkar at folk vil gå meir rundturar på god sti. Dette er ei tilrettelegging som vil inspirere til å få fleire ut på tur, både fastbuande og turistar/tilreisande, seier Jørgen Hundseth.

Publisert: 19. februar 2026
Skrevet av: Stig Roger Eide
Inspirasjon

Saman med eit trettitals entusiastar i laget «Vener av Balestrandfjella» har Hundseth gått i gang med å ruste opp den gamle stien frå Buråsi på stien halveges mot toppen av fjellet Raudmelen. Her gjekk det tidlegare ein sti gjennom myr og blaute område over Grauthaug og ned via dagsturhytta Balabu til Orremyra litt lenger nede. No er arbeidet i gang med ein minigravar. Ikkje minst grunna den økonomiske støtten dei har fått frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Foto: Stig Roger Eide

Støtte frå stiftinga

Dei 156 000 kronene frå Sparebankstiftinga kjem svært godt med. Vi har dessutan fått 100 000 kroner frå legatet etter Sture Husabø og 20 000 kroner frå Sogndal kommune. Det betyr at vi langt på veg kan få fullført denne rundturen, seier Hundseth og ser at Erlend Dale startar opp minigravaren.

-Det flotte med denne gravaren er at han fjernar toppmassen i jordlaget, før han hentar opp den beste massen lenger nede i grunnen. Den blir lagt på toppen, og ved hjelp av oss i dugnadsgjengen går vi over med spade og krafse, og legg på plass torv og steinsett grøfter, så blir dette ein fast og tørr sti om kort tid, fortel Hundseth detaljert og viser i praksis korleis stien vert til.

Frå botnen av

-Skulle det vere trong for å legge steinar, så hentar vi dei sjølve ut av terrenget, eller så får vi dei floge inn med helikopter. Men eg trur ikkje vi har trong for så mykje stein, seier Hundseth og ser at i det stien nærmar seg Grauthaug, så er det panoramautsikt over Balestrand og Sognefjorden.

-Dette er eit svært mykje brukt område, og gjennom dei åra «Vener av Balestrand» har drive utbetringar av stinettet i fjella her, så er det svært mange kilometer med gode stiar. Men dette er sjølvsagt ein kontinuerleg jobb som må gjerast kvart einaste år, og utfordringa blir å rekruttere nye og yngre krefter som ser verdien for fellesskapet, seier Hundseth som denne dagen jobbar saman med Trond Sundby på den nye stien.

I styret

-Vi sit begge i styret til «Vener av Balestrandsfjella». Gamleordføraren i Balestrand, Einar Målsnes, er styreleiar og dessutan sit Møyfrid Dale i styret. Totalt har vi eit trettitals entusiastar som stiller opp når det er trong for assistanse, smiler Hundseth og er svært glad for støtten frå Sparebankstiftinga.

-Vi kunne aldri har gjeve turistar og fastbuande så flotte turområde utan slik støtte. Dessutan gjer positive grunneigarar svært mykje for at dette arbeidet går knirkefritt. Og det er klart at meir enn 140 år med turisttrafikk i Balestrand, gjer at vi ser verdien å gå dei eit aktivitetstilbod. I starten sat turistane nede i bygda og såg opp på den unike fjella. I dag vil dei opp i fjella, og helst vil dei gå rundturar. Og ikkje slik som vi nordmenn held på med når vi går og ned same sti gang på gang, seier Hundseth i ein kort pause ved Grauthaug. Og medan arbeidsstyrken denne dagen har pause, dukkar det opp eit ungt fransk par som har lyst til å teste ut den nye stien.

-Der ser du. Utlendingar er nysgjerrige og vil gjerne teste ut slike rundløyper. Her kan dei halde fram over Grauthaug, og går ned til dagsturhytta Balabu. Derifrå er det god sti bort til Orremyra, og hovudstien mot Raudmelen. Eg er sikker på at dette blir ein svært populær rundtur. Ikkje minst på grunn av den flotte utsikta over Sognefjorden.

Tur-prosjekt

Støtta på 156 000 kroner til sti-prosjektet Buråsi kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Midlane kjem frå stiprosjektet «Eg gjekk ein tur på stien», som stiftinga har saman med DNT Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga forvaltar overskotet i SpareBank 1 Sogn og Fjordane, og deler kvart år ut gåvemidler til lag og organisasjonar med allmennyttige føremål i Sogn og Fjordane

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem