Padlelaget
I Aurland Turlag starta me opp med padlelag i 2023. Me har 5 kajaker til utlån. Padlelaget har og padleturer ut over sommaren. No er dei i samarbeid med Njord AS, slik at me set tryggleiken på det høgaste.
Leige av kajakk – 2024
I. Me har utleige til DNT-medlemmer nasjonalt og/eller lokalbefolkning i Aurland og omegn.
II. Du må vere minst 16 år og ha godkjend våttkort for å få leige kajakk.
III. Du må setje deg inn i eigenerklæringa vedlagt (ligg også i permen i naustet) og signere den
før utleige kan skje.
IV. Du finn kajakkane i stativet utanfor Prestanaustet i Skinnarvikji i Aurland, nær badelaguna.
Utstyret du treng finn du inni naustet. Du får kode til nøkkelboksen til naustet og kodelåsen
rundt kajakkane når du tingar kajakken.
Prisar for leige av kajakk og naudsynt utstyr:
- Heil dag, DNT-medlem: 200 kr
- Heil dag, ikkje DNT-medlem: 500 kr
- Inntil 4 timar, DNT-medlem: 100 kr
- Inntil 4 timar, ikkje DNT-medlem: 300 kr
Me har 5 kajakkar (sjå eige ark med skildring av dei):
- 1 glasfiberkajakk «Norse Idun». Farge: kvit og svart (passar veldig godt til damer og ungdommar).
- 1 glasfiberkajakk «Norse Bylgja». Farge: Kvit og raud (passar veldig godt til menn).
- 2 like plastkajakkar «Boreal Baffin P1». Farge: Sunrise (passar veldig godt til damer og ungdommar).
- 1 plastkajakk «Boreal Baffin P2». Farge: Lime (passar veldig godt til menn).
Me har følgjande naudsynt utstyr i naustet som høyrer til kvar kajakk og som må nyttast,
dersom du ikkje har eige personleg utstyr du heller vil nytte:
- Flytevest (3 stk 40-70 kg og 2 stk 70+ kg). Farge: Gul/svart. Heng på kleshengar
- Spruttrekk (2 stk «Level Six» som høyrer til glasfiberkajakkane og 3 stk «Vega designs» som høyrer til plastkajakkane). Heng på kleshengar
- Åre i fiberglass «Aqua-Bound Sting Ray» 220 cm. Står inntil veggen inni naustet
- Kajakkpumpe
- Åreflotør/årepose (oppblåsbart flyteelement)
- Årewire/åresnor. Er festa til padleåra eller ligg i naustet
Ynskjer du å leige kajakk? Førebels har me booking via SMS. Her finn du oversikt over kven du skal kontakte i dei ulike periodane i 2024:
Periode | Ansvarleg for booking | Send SMS til |
15. april - 12. mai | Ingrid Steine Bortne | 48 25 03 06 |
13. mai - 9. juni | Toril Torsvik Ebne | 41 92 80 71 |
10. juni - 16. juni | Ingrid Steine Bortne | 48 25 03 06 |
17. juni - 14. juli | Monica Gjesdal Larsen | 47 76 98 90 |
15. juli - 21. juli | Helene K. Grønsberg | 94 05 38 06 |
22. juli - 4. august | Torill Torsvik Ebne | 41 92 80 71 |
5. august - 25. august | Ingrid Steine Bortne | 48 25 03 06 |
26. august - 22. september | Monica Gjesdal Larsen | 47 76 98 90 |
23. september - 13. oktober | Toril Torsvik Ebne | 41 92 80 71 |
14. september - sesongslutt | Ingrid Steine Bortne | 48 25 03 06 |
Prosedyre for utleige:
- Kontakt bookingansvarleg via SMS og be om ønska leigetid
- Viss ledig kapasitet på ønska tid vil me etterspørje namn, tlf.nr, alder (leigetakar må
vere minst 16 år), evt. medlemsnr i DNT og skjermdump av godkjend våttkort - Dersom alt er ok vil leigetakar vippse rett sum til Aurland turlag #568546 og sende
skjermdump av godkjend betaling til bookingansvarleg - Leigetakar får tilsendt nøkkelkode til naustet og kodelåsen rundt kajakken, les og
signerer eigenerklæring i permen som ligg i naustet og ordnar seg elles sjølv. Det er
«førstemann til mølla» som vel kva kajakk ein vil leige ut frå kva kajakkar som ligg klar
i naustet når ein kjem dit - Løft alltid kajakken, slik at den verken blir dregen på sand eller stein. Då varer
kajakken mykje lengre! - Leigetakar leverer tilbake utstyr innan avtala tid i same tilstand og på same plass ein
fann det, og kontaktar bookingansvarleg dersom noko er i uorden/øydelagt. Hugs å
tømme kajakken for vatn og skyll/tørk den og utstyret med ferskvatn etter bruk (bruk
svamp, bøtte frå naustet og hageslangen frå nabo Monica) - Lås naustet og legg nøkkel tilbake i nøkkelboks og lås kajakken med kodelåsen.
GOD TUR!! 😊
Ta gjerne kontakt med nokon i styret viss spørsmål.
Styret i Aurland padlelag:
Monica Gjesdal Larsen - tlf: 47 76 98 90
Torill Torsvik Ebne - tlf: 41 92 80 71
Ingrid Steine Bortne - tlf: 48 25 03 06
Takk til våre rause sponsorar:
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Aurland Hamnevesen KF, Flåm Utvikling AS, Hafslund Eco, Sogn Sparebank og Aurland Energiverk AS