
Bakketrimmen
Kom og bli med på Bakketrimmen.
Bakketrimmen 2025 er eit lågterskeltilbod for deg som likar kortare turar i nærmiljøet. Det er postar spreidd rundt i grendene i kommunen. Bakketrimmen 2025 varer frå
08.januar til 15. november.
Til deg som er medlem av Aurland Turlag/DNT: Du betalar ikkje for å delta i Bakketrimmen 2025. Medlemskapet dekker deltakaravgifta og klyppekort for den som ynskjer det
Til deg som ikkje er medlem av Aurland Turlag/DNT: Du er velkommen til å delta i Bakketrimmen 2025. Du betaler 50 kr (100 kr for familie) på Vipps til Aurland Turlag. Ynskjer du klyppekort koster eit kort 5 kr, til barn gratis. Send e-post til Aurland.turlag@dnt.no med info om betalinga for Bakketrimmen 2025, skriv namn, og i tillegg alder for dei som er fødd i 2013 eller seinare.
Dei 12 postane er:
· Stølen Berg i Aurland. Går opp ved sida av Turlidfossen
· Dagsturhytta Vinjaåsen. Merka sti frå Hopen/ Aurland Barne og Ungdomskule
· Oppå Brekkefossen (Fossen) i Flåm. Du går forbi Raokjeen. Den kjende utsikten.
· Halvegs-almen i oppstigninga til Rimstigen. Bakka
· Middberg i Vassbygdi. Sti mot Kvittingane frå vegen til Midje
· Enne på veg opp mot Hovdungo i Undredal
· Middagsholten. Er eit utsiktspunkt. Går frå Vikesland til sele og til Middagsholten.
· Hovdongo i Aurland. Går frå Vikesland
· Joasete. Går frå Vikesland.
· Stokko. Går frå Underdal
· Klantadokki, Blåfjell skytebane. Går frå Volda, Aurlandsvangen eller Høydalen. Her må du sjå etter Raudt flagg i flaggstanga. Er det Raudt flagg har skyttarlaget skyting. Då går me ikkje der.
· Røyrgrindsvarden (Prest). Går frå parkering Bjørgo eller brua på Kvammadal.
Reglar:
1. Du må innom 5 av dei 12 postane minst ein gong. Dette gjeld ikkje barn fødd i 2013 eller seinare.
2. Du må ha 25 innsjekkingar til saman på alle postane. Barn fødd i 2013 eller seinare, må ha 10 innsjekkingar.
Registrering: Du registrerer innsjekkinga ved hjelp av appen UT.no. Appen er gratis og tilgjengeleg i Appstore og Google Play, meir info her . Du må registrera deg før du tek han i bruk. Med appen sjekkar du inn digitalt på turposten med mobiltelefonen din. Dersom du heller ønskjer å ha klippekort, kontakt Kari Johnsen 976 64 401, Unni Grønsberg 934 99 243 eller Rådhuset i Aurland.
Premie: Alle som har klart målet og betalt deltakaravgift, er med i trekninga av 3 Ambassadørkort 2025 på Flåmsbana og eit gåvekort på Huldra Husflid og kunsthandverk til ein verdi av 1000 kr. Alle barna får kvar sin kinobillett i Trudvang Kino og ei overrasking. Dei heldige vinnarane vert trekt ut på årsmøtet i november.
Se også

