Bli med på Unge Naturtalenter skuleåret 24/25 (ungdom 15-19 år)
Gutar og jenter i alderen 15-19 år er velkomne til å søkje eit gratis, årslangt friluftslivprogram. Vi ser etter motivasjon framfor erfaring! Deltakarane går frå scratch til å bli utdanna turleiarar i DNT’s turleiarstige, med eit breidt spekter av ulikt friluftsliv og opplevingar dei vil hugse resten av livet.
Skrevet av: Hege Mundal
DNT Sogn og Fjordane inviterar til Unge Naturtalenter der 12 ungdom vil få delta i eit årslangt program frå august - juni (Skuleåret 24/25). Her vil du få oppleve nye stader i gamlefylket Sogn og Fjordane, få venner for livet, samt kompetanse og brei erfaring innan friluftsliv både sommar og vinter.
Du vil undervegs få:
- ferskingkurs (alt frå korleis ein kler seg til korleis ein lagar leirstad eller brukar kart og kompass)
- overnatting ute
- lære om turmat
- toppturkurs
- brattkort
- våttkort
- førstehjelp i friluftsliv
- grunnleggjande turleiarkurs.
Etter året skal du sitte att med
- Ei rekke flotte naturopplevingar og eit hav av friluftsferdigheiter
- Eit solid innblikk i allsidig friluftsliv
- Nye vener for livet
- Personleg vekst og leiareigenskap
- Ulike sertifiseringar og kurs innanfor DNT og andre organisasjoner
- Du er sjølvstendig og trygg i norsk natur
Vi set av om lag ei helg i månaden til tur, samling og moro. Totalt 8-10 helgesamlingar fordelt på Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Programmet er ikkje sett i stein, då vi tilpassar noko etter deltakarane som vert med. Ingeborg Kvåle Bruflot (f.2002) vil følgje deltakarane gjennom heile programmet, i tillegg kjem det til å vere ei blanding av mannlege og kvinnelege instruktørar på dei ulike kursa.
Programmet for 2024 er i gong! Sidan nokre deltakarar trekte seg opnar vi for at motiverte ungdom kan ta kontakt med hege.mundal@dnt.no/ tlf 41337213. Då kan ein gjennomføre eit alternativ til første samling og delta felles frå samling to i Veriedeskogen.
Når? | Kvar? | Kva? |
15.august kl.19.30 | Digitalt |
Søknadsfrist 4.august. Deltakarane vil bli kontakta fortløpande etter søknadsfrist. Felles digitalt intromøte. Info om programmet og første samling. |
23.-25.august | Sogndal/ Kaupanger |
Oppstartshelg.
|
Veke 38 21.-23.sept |
Sandane |
Skogstur
|
Veke 41 7.-9.oktober |
Røde Kors Hytta på Langeland, Sunnfjord |
NF 16-timers Førstehjelpskurs. Saman med førre kull "Unge Naturjenter". Minst ei natt ute, moglegheit for 1natt inne. |
November 8.-10. eller |
Jølster |
Klatring; brattkort! |
Nov/Des | Der du bur! |
Frivilligsamling - Bli med å setje turprogram for DNT ung eller bidra i ditt lokallag 2024. |
Januar | Dagssamling (valgfritt) Skei i Jølster |
Klatring og bålpannekos! Moglegheit for å gjennomføre brattkortprøven. |
Februar 14.-17. | Stryn? |
Toppturkurs inkl skredkompetanse. Overnatting hytte. |
Mars | Sogndal? | Vårskitur - fjellski Overnatting ute el DNT-hytte |
April 4.-6. |
Kysten t.d. Svelgen/Flora/Måløy? | Grunnleggjande turleiarkurs, overnatting DNT-hytte. |
Mai | Valgfri; klatring inne - ute | |
6.-9. Juni |
Breivoll Gård, Oslo. | Nasjonal samling Unge Naturtalenter NPF Grunnkurs Kajakk |
Sommarferie | Sogn og Fjordane | Delta på, eller bli med å arrangere aktivitetar for DNT ung. |
2026 | Dersom ein er aktiv i DNT ung vil ein få tilbod om gratis sommarturleiarkurs når ein har hausta erfaring som turleiar. |
Er dette noko for deg eller nokon du kjenner?
Kontakt hege.mundal@dnt.no om du lurer på noko.
Det vi treng frå deg er; tid og motivasjon.
Vi ynskjer ei samansett gruppe med variasjon i både kjønn, alder, kultur og erfaring. Uansett om du er fødd med eller utan ski på beina håpar vi på søknad frå deg som ynskjer å lære meir om friluftsliv.
Ps; Vi samarbeidar med BUA om lån av utstyr der ein manglar eige.
Deltakarane vil bli beden om å skrive avtale med DNT Sogn og Fjordane, les denne her. Du treng ikkje vere DNT-medlem for å melde interresse for Unge Naturtalenter, men medlemskap er eit krav for å verte turleiar seinare. Dersom ein ikkje har økonomi til medlemskap (345kr/år) skal vi sjå på løysingar for dette.