Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

P-plassen ved Stemtjennbekken i Gjerstad er nå opprusta

Dette viktige startpunktet ovanfor Heiland, for turar til blant anna Solhomfjell, Marishei, Karibu, Risfjell, Trollfjell og for turar heilt til Gautefallheia, har i år ved hjelp av dugnadsfolka frå Havrefjell Turlag fått ei nyttig oppgradering.

Publisert: 29. oktober 2024
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Ny karttavle. Foto: Ole Jakob Bråten

Dette er nå utført:

  • P-plassen er utvida for å gi plass til stadig fleire bilar.
  • Ny oppdatert informasjonstavle med kartoppslag viser veg til mange fine turmål. 
  • Det er merka ein kort sti der du kan gå tørrskodd over bru og vidare til Risfjell, Steinhytta eller Trollfjell, uavhengig av om det er mykje vatn i bekken.

Takk for 10 000 kr i støtte til prosjektet frå Statskogmillionen. Takk også til Statskog for at bilvegen opp frå Heiland er blitt godt kantrydda, og for at flaumskadar er reparert.

Til våren vil vi også kjøre på eit gruslass inne på p-plassen.

Reidar Malm og Knut Hagelia rydder skog for å gi utvida p-plass. (Foto Ole Jakob Bråten).

Ny kort løype er merka. Vi kan gå over brua for å kome til Risfjell, Steinhytta eller vidare mot Trollfjell når det er mykje vatn i bekken. (Foto  Ole Jakob Bråten). 

Flaum i Stemtjennbekken. Men nå har vi merka via brua. (Foto Astrid Haukenes Bråten).

Nye skilt. (Foto Ole Jakob Bråten).

Det nye ajourførte kartoppslaget. Last ned kartet her i PDF-format.

Frå denne p-plassen kan vi få fine turar også nå i slutten av oktober. Her frå stien mot Marishei ovanfor Geitbekkstea. (Foto Ole Jakob Bråten).

Gjerstads høgaste punkt 588 meter over havet, i lia opp mot Svintjennheia. (Marishei på 573 meter over havet er Gjerstads høgaste topp). (Foto Astrid Haukenes Bråten). 

Haust i Solhomfjell og Kvenntjønnane naturreservat. (Foto Ole Jakob Bråten).

Utsikt mot Svintjennhovet og Napane. Urørt natur inne i naturreservatet. (Foto Astrid Haukenes Bråten).

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem