Havrefjell Turlag vil utvide P-plassen ved Stemtjennbekken i Gjerstad
P-plassen ved Stemtjennbekken i enden av stikkvegen frå rasteplassen ved Heiland i Gjerstad er eit viktig utgangspunkt for turløypene til Solhomfjell, Risfjell og heilt over til Uvdalen og Gautefallheia.
Publisert: 28. mai 2024 Skrevet av:
Ole Jakob Bråten
Nyheter
Reidar Malm og Knut Hagelia er to gode dugnadsfolk for Havrefjell Turlag. Her ved Stemtjennbekken.Foto: Ole Jakob Bråten
Måndag 27. mai starta Knut Hagelia, Reidar Malm og Ole Jakob Bråten dugnad med å utvide denne p-plassen som til tider har vore for liten. Vegetasjonen er nå hogge og snart skal Knut opp med gravemaskina for å fjerne stuvar og planere.
Tiltaket skjer i godt samarbeid med grunneigar Statskog. Planen er også å sette opp ei karttavle og legge ein ny kort alternativ trase over brua for løypa til Krikklifjellet og Risfjell. Denne blir enkel å gå også når der er mykje vatn i bekken.