Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Havrefjell Turlag vil utvide P-plassen ved Stemtjennbekken i Gjerstad

P-plassen ved Stemtjennbekken i enden av stikkvegen frå rasteplassen ved Heiland i Gjerstad er eit viktig utgangspunkt for turløypene til Solhomfjell, Risfjell og heilt over til Uvdalen og Gautefallheia.

Published: May 28, 2024
Written by: Ole Jakob Bråten
News
Reidar Malm og Knut Hagelia er to gode dugnadsfolk for Havrefjell Turlag. Her ved Stemtjennbekken. Photo: Ole Jakob Bråten

Måndag 27. mai starta Knut Hagelia, Reidar Malm og Ole Jakob Bråten dugnad med å utvide denne p-plassen som til tider har vore for liten. Vegetasjonen er nå hogge og snart skal Knut opp med gravemaskina for å fjerne stuvar og planere. 

Tiltaket skjer i godt samarbeid med grunneigar Statskog. Planen er også å sette opp ei karttavle og legge ein ny kort alternativ trase over brua for løypa til Krikklifjellet og Risfjell. Denne blir enkel å gå også når der er mykje vatn i bekken.

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member