39 deltok på tur 80 år etter flysleppet ved Sundsmyrane
Søndag 22. september gjekk folk som perler på ei snor i flott haustvêr innover langs Krigsminnestien i Gjerstad. Etter starten ved karttavla til Drivheiløypa ved Torbjørnsli, fekk vi snart utsikt og kunne tenke oss korleis det store engelske Short Stirling flyet kom dundrande inn dalføret opp Vegårsvassdraget, seint på kvelden i månelyset 30. september 1944.
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Inne ved Sjølvskottjenna kunne vi sjå restane etter ein container som ein gong hadde komme dalande ned i fallskjerm, stappfull av våpen og utstyr til eit land i krig.
Ole Jørn Alfsen gav oss eit godt innblikk i historia om flysleppet. Vi fekk høyre om Jacob Eikanger, Kompani Linge soldaten som bygde opp motstandsgrupper i Aust-Agder, og som våren 1944 tok kontakt med Finn Kveim og Nicolay Aasbø.
Dei to unge karane i starten av 20-åra tok på seg eit stort ansvar då dei organiserte mottak av flysleppet. Etter fleire bomturar kom endeleg klarsignalet; talet «5» blei lese opp i særmelding i radiosendinga frå den norske eksilregjeringa i London. Snart sprang 6 karar den lange vegen innover skogane.
Seint på kvelden stod sleppgjengen klare med lommelykter, og i innøva formasjon då flyet kom innover myra. Det blei blinka morsesignal til flyet, og snart dala dei først 18 fallskjermane ned over myra. Etter at flyet hadde tatt ein runde kom dei siste 6 skjermane.
I løpet 12 timar med hardt arbeid utover natta klart dei å bære dei 6 tonna med utstyr 500 meter og gøyme det i ein heller. Spora blei sletta og emballasjen senka i Sjølvskottjenna.
Våpen og utstyr blei raskt fordelt på ei stor gruppe i Gjerstad og nabobygdene. Våren 1945 stod Mil.org i Gjerstad klare med 40 – 50 mann som var trena, væpna og klare til oppdrag.
Sleppgjengen bestod av Finn Kveim, Jacob Aasbø, Nicolay Aasbø, Jens Aasbø, Jacob Trydal og Tengel Haugen.
Det var ein interessert forsamling som i dag lytta til krigshistoria. Son til Tengel Haugen hadde kome heilt frå Stavanger for å delta i minnesamlinga. Mange sette pris på å høyre Elise Aasbø som leste opp historia om flysleppet, slik som faren Nicolay Aasbø hadde fortalt den.
Tidlegare har vi hatt direkte tidsvitnar med på slike turar. Nå er det viktig at nye generasjonar kan ta ansvaret for å minne om den tida då unge menneske var villige til å bruke livet som innsats for vår fridom.
Dagens turleiargruppe Jostein Vestøl, Jan Olav Aasbø, Astrid Haukenes Bråten og Ole Jakob Bråten takker for ein fin tur!
Tekst: Ole Jakob Bråten
Som perler på ei snor innover langs Krigsminnestien. Foto Ståle W. Øylandsdal.
Container i myrkanten. Foto Ståle W. Øylandsdal.
Ole Jørn Alfsen fortel historia. Foto Astrid Haukenes Bråten.
Minnesmerket som Svein Brekka sette opp i 2012. Foto Ståle W. Øylandsdal.
Helleren der våpen og utstyr blei gøymd. Foto Ståle W. Øylandsdal.
Elise Aasbø fotalde historia etter sin far Nicolay Aasbø. Foto Astrid Haukenes Bråten.