Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Bli med på tur: 80 år etter flysleppet til Milorg i Gjerstad

Søndag 22. september kan du bli med på historisk fellestur med Havrefjell Turlag inn langs Krigsminnestien til Sjølvskottjenna. Alle er velkomne.

Publisert: 12. september 2024
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Sleppgjengen som tok imot flysleppet 30. september 1944: F.v: Finn Kveim, Jacob Aasbø, Nicolay Aasbø, Jens Aasbø, Jacob Trydal og Tengel Haugen. Foto: Abraham Melaas

Turinfo

Start frå bilvegen ved Torbjørnsli innanfor Kleivvann i Gjerstad kl. 11.00. Vegavgift kr 30. Vi går Krigsminnestien inn til Sjølvskottjenna. Løypa er godt blåmerka, men stien er delvis litt gjengrodd. Nå skal vi gjere felles dugnad og tråkke god sti. Etter samling med nistepause og god informasjon går vi tilbake. Totalt 5 km. Vaksne kr. 30, barn gratis.

Tema

Ole Jørn Alfsen vil fortelje om flysleppet som skjedde der inne under krigen 30. september 1944. I måneskinnet seint på kvelden kom eit stort Short Stirling bombefly frå England og slapp ned 24 fallskjermar med 6 tonn med våpen og utstyr ut over Sundsmyrane. 

Nede på bakken stod ein spesialtrena lokal gjeng leia av Finn Kveim og Nicolay Aasbø. I løpet av 12 timar med hardt arbeid ut gjennom natta klarte dei å samle saman og skjule utstyret i ein heller og senke containerane i Sjølvskottjenna. 

Utstyret blei seinare frakta til Milorg grupper i Gjerstad, Treungen og Åmli. Snart blei 40 – 50 mann i Gjerstad engasjert i det hemmelege arbeidet, fekk militær opplæring og stod klare med våpen og sabotasjemateriale.

Dette var ei tid der unge menneske med livet som innsats var villige til å kjempe for vår fridom.

Ole Jørn er nok den som veit mest om vår lokale krigshistorie. Han har bl.a. skrive boka Krigens lokale helter (utgitt 2013).

Vi skal også sjå

Rester etter containerar, helleren der dei gøymte utstyret og minnesmerket som er laga av Svein Brekka. 

Krigsminnestien

Krigsminnestien er ein blåmerka sti som blei merka av Gjerstad Historielag og Havrefjell Turlag og opna på fellestur i 2012. I dag er det Havrefjell Turlag som har ansvaret for vedlikehald av denne løypa, som er del av eit større løypenett med fleire fine rundturar i området.

Turansvarleg: Ole Jakob Bråten (93295295)

Ennå ligg det igjen containerar ved Sjølvskottjenna. Foto Ole Jørn Alfsen.

Fire motors Short Stirling. Det var eit slikt fly som kom hit frå Tempsford flyplass ved London i måneskinnet seint på kvelden 30. september 1944.

 

Haleskyttar Bill Stoneman var ein av mannskapet på flyet.

Svein Brekka ved minnsemerket som han sette opp ved Sjølvskottjenna i 2012. Foto Ole Jørn Alfsen

Krigens lokale helter. Utgitt 2013 av Ole Jørn Alfsen.

Frå åpning av Krigsminnestien i 2012. Foto Astrid Haukenes Bråten.

Kart over løypene i Drivheiaområdet. Krigsminnestien lengst til venstre.

Kartet kan også lastast ned her som PDF.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem