Turtips i Eidfjord
Det er ikkje utan grunn at Eidfjord er ein godt besøkt kommune og ein attraktiv turistdestinasjon. Turistar frå heile verda har funne vegen til Eidfjord, inst i Hardangerfjorden, sidan 1890-talet.
Skrevet av: Anne Kari Enes
Hereid-runden – turen som passar for alle
I Eidfjord er det godt tilrettelagt med informasjonsskilt og kart over fleire kortare turar når ein fyrst er i området. Hereid-runden er ein lettgått tur som tar om lag halvannan time. Turen går på grus og asfalt, langs elv og gjennom kulturlandskap. Dette er ein tur som høver for alle. Det er sett opp informasjonsskilt undervegs over kulturminne. Turen kan ein gå frå kommunesenteret Eidfjord.
Hardangervidda for dine føter
Dersom ein ønskjer å gå fottur på Hardangervidda, er det fleire gode startstader med tilrettelagt parkeringsplass. Frå Tinnhølen kan ein gå mot aust til Stigstuv og Rauhelleren. Terrenget er lettgått, og avstandane er overkommelege for born. Eit anna alternativ er å gå sørover mot turisthyttene Sandhaug og Besso. Rutene er godt merka.
Frå Øvre Eidfjord kan ein køyre mot Hjølmo og følgje vegen ca. 10 km i dramatisk natur og fosselandskap. Frå den øvste parkeringsplassen på Hjølmaberget startar ein T-merka sti mot Viveli i vakre Veigdalen. Følgjer ein innover Veigdalen, kjem ein til Hedlo og vidare til Bergen og Hordaland Turlag si sjølvbetjente turisthytte Hadlaskard. Hytta ligg sentralt til ved elva . Veig og er eit utgangspunkt for topptur til Hårteigen.
Dyranut er også eit godt utgangspunkt for turar på vidda. Dyranut er tilgjengeleg med buss. Frå Dyranut kan ein nå inn til Kjeldebu og koma nær Hardangerjøkulen.
Flere turtips
Late sommerdager på Selhamar
Gå til Selhamar turisthytte i Stølsheimen – og bli der. La et par herlige sommerdager med kortspill på kvelden, pannekaker med Nugatti i hytteveggen, kanotur og spennende ørretfiske gi minner for livet.