Frivillig i Samnanger Turlag
Dugnad er sjølve ryggrada i DNT. Me er svært takksame for alle som stiller opp og bruker av fritida si til glede for både seg sjølv og andre. Me ynskjer oss fleire med på laget og det er plass til alle som ynskjer å bidra.
Bli frivillig
Som frivillig blir du ein del at eit sosialt felleskap der du kan bidra som frivillig innan mange forskjellige område. Nokre frivilligområder kan vere å merke stiar, ta folk med ut på tur, holde kurs, bli med i styret eller gje barn og vaksne gode naturopplevingar.
Du treng ingen forkunnskap som frivillig. Du vil få god opplæring og alle utgifter vert dekka.
Kva kan du bidra på som frivillig i Samnanger Turlag?
- Dugnad/tilsyn Gullhorgabu
- Turleiar/medturleiar på fellesturar
- Medhjelpar på arrangement og turar
- Sette ut og hente inn turpostkassar
- Sette ut, ha tilsyn med og ta inn kanoar
- Stiar - merke, rydde, vedlikehald, klopper, dialog med grunneigarar
- Skrive turskildringar og tracke turar, ut.no
- Nettsidearbeid og sosiale medier
- Styrearbeid
Andre tilbod som me ikkje har i dag, men som kan la seg gjere om me har frivillige til det er trille-/bæreturgruppe, Turboklubb, ungdomsgruppe, seniorgruppe, klatregruppe og padlegruppe.
Registrer deg som frivillig
Har du lyst til å delta i det frivillige fellesskapet? Då kan du melde deg i frivilligregisteret til Bergen og Hordaland Turlag. Vi får melding om alle som melder seg her.
Registrer deg som frivillig her