Logo
Til DNT.no forside

Om Kvinnherad Turlag

Kvinnherad Turlag er eit lokallag under Den Norske Turistforening/Bergen og Hordaland Turlag. Kvinnherad Turlag vart skipa 5. november 1998. Turlaget skal arbeida for eit aktivt, naturvenleg og trygt friluftsliv for alle som bur i, og som vitjar kommunen.

Publisert: 05. mai 2023
Artikkel

Noverande styre i Kvinnherad Turlag

Verv Namn Telefon E-post
Leiar Jarle Røstbø   992 97 383   jarle@reins.no 
Nestleiar  Hans Bertin Hjortland  91832642  bertinhjortland@knett.no 
Skrivar Anne Kari Enes  951 96 467   anne.kari.enes@knett.no 
Kasserar Merete Hersvik  472 99 155  mhersvik@gmail.com 
Styremedlem Helge Furdal 99 51 25 85   helge.furdal@knett.no 
1. vara  Tor Hveem  99422646   tor@hveem.no 
2. vara Eldbjørg Teigen 99 04 22 95   eltege@hotmail.com
3. vara  Vigdis Jensen 99 01 30 45  vi52jen@gmail.com, 

 

STIEN er våre verdiar

Spennande – DNT skal by på utfordrande og spennande opplevingar for alle.

Truverdig – Tryggleik og kvalitet skal stå i fokus i heile organisasjonen.

Inkluderande – DNT skal ha eit turtilbod der alle føler seg velkomne, òg dei som ikkje kjenner oss frå før.

Enkelt – Vi vil bidra til å la folk oppleve gleda ved det enkle friluftslivet.

Naturvennleg – DNTs verksemd med aktivitetar, hytter og ruter skal vere naturvennlege.

Grupper og utval

 

Verv Namn Telefon
Leiar DNT Fjellsport Kvinnherad  Erik Lemicka  97 11 30 85
Leiar Barnas Turlag Kvinnherad   Ann Kathrin Røssland 911 47 758
 
Leiar Barnas Turlag Kvinnherad  Mona Eikemo Røstbø 977 22 163
Leiar DNT Ung Kvinnherad  Bertine Mehus  
Leiar Seniorgruppa i Kvinnherad  Arnt Orholm  970 29515 
Leiar hytteutvalet   Anne Kari Enes  951 96 467 
Leiar for revisorane   Kirsten Bjørke Hellingsrud  951 96 467 

VEDTEKTER FOR KVINNHERAD TURLAG

Lokallag av Bergen og Hordaland Turlag

Vedtekne på årsmøtet i Kvinnherad Turlag 06.02.20. 

§ 1 Formål

Kvinnherad Turlag skal arbeida for eit aktivt, sikkert, enkelt og naturvenleg friluftsliv.

Laget skal arbeida for natur-, kultur- og miljøvern i Kvinnherad.

§ 2 Arbeidsområde og medlemsområde

Kvinnherad Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag og samordnar verksemda si med Bergen og Hordaland Turlag.

Kvinnherad Turlag etablerer ein avtale med Bergen og Hordaland Turlag der organisatoriske tilhøve, gjensidige forpliktingar og lokallaget sitt medlemsområde og arbeids­område blir presisert.

Medlem av Kvinnherad Turlag er alle som er medlem av Bergen og Hordaland Tur­lag/DNT innanfor det avtalte medlemsområdet.

Medlemskontingenten blir fastsett av Bergen og Hordaland Turlag.  Medlemskontingenten blir fordelt mellom Kvinnherad Turlag, Bergen og Hordaland Turlag og DNT sentralt etter ein fastsett fordelingsnøkkel.

§ 3 Årsmøte

Årsmøte skal haldast innan 20. februar og kunngjerast i lokalpressa og på laget si heimeside minst fire veker på førehand. Saker til årsmøtet skal vera styret i hende minst tre veker før årsmøtet. Berre saker som er nemnde i innkallinga, kan handsamast på årsmøtet.  Årsmøtedokumenta skal vera tilgjengelege på lokallaget si heimeside (og ev. i utskrive format på bibliotek eller liknande) 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtedokumenta skal også delast ut på årsmøtet.

Årsmøtet skal handsama:

1)     Årsmelding

2)     Revidert rekneskap

3)   Budsjett

4)     Innkomne forslag

5)     Val på:

a.     Styreleiar for 2 år første gong, deretter attval for 1 år om gongen

b.     4 styremedlemer for 2 år

c.      3 varamedlemer til styret for 1 år

d.     Det skal veljast tre-fem medlemmer for to år, gruppene konstituerer seg sjølv årleg.

e.     2 revisorar for 1 år

f.       1 medlem i valnemnda for 3 år og 1 varamedlem for 1 år

 


Alle som er medlemer i Kvinnherad Turlag, har stemmerett på årsmøtet frå dei fyller 15 år.

Årsmøtepapir skal sendast Bergen og Hordaland Turlag etter handsaminga.

§ 4 Ekstraordinært årsmøte

Etter vedtak i styret eller etter skriftleg krav frå minst 10 % av medlemene skal det haldast ekstraordinært årsmøte.

Møtet skal innkallast med minst 14 dagars varsel.  I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast, nemnast. Dokumenta skal vera tilgjengelege frå det tidspunktet møtet er kunngjort.

§ 5 Styret

Kvinnherad Turlag vert leia av eit styre som skal syta for forsvarleg organisering og leiing av laget.

Styret vert valt av årsmøtet, og har ein leiar, 4 styremedlemer og 3 varamedlemer.
Utanom leiar konstituerer styret seg sjølv.
Leiar i ev. undergrupper har møterett og talerett i styremøta.
Styreleiar kan attveljast på årsmøtet for 1 år av gongen.
Dei andre styremedlemene kan attveljast på årsmøtet for 2 år av gongen.
Medlemer av styret kan utan avbrot ha same årsmøtevalde tillitsverv i maksimalt i 8 år.
Innkalling til styremøta skal gjerast av leiaren i laget eller av 2 styremedlemer i fellesskap.

Styret kan gjera vedtak når minst 50% + 1 medlem stemmer for vedtaket.

Styreleiaren saman med ein styremedlem forpliktar Kvinnherad Turlag med sine underskrifter.

§ 6 Arbeidsgrupper

Styret kan oppnemna arbeidsgrupper for å hjelpa seg med arbeidet på ymse område. Arbeidsgruppene er ansvarlege overfor styret. Ein representant frå styret bør vera medlem i kvar arbeidsgruppe.

Medlemene til arbeidsgruppene vert oppnemnde for 1 år om gongen.

§ 7 Valnemnd

Det skal vera 3 medlemer og 1 varamedlem i Kvinnherad Turlag si valnemnd.

Den som har lengst ansiennitet i valnemnda, er leiar.

Valnemnda skal fremja forslag på kandidatar til følgjande tillitsverv:

a)      Styreleiar

b)     Styremedlemer

c)      Varamedlemer til styret

d)     Leiar og medlemer av undergrupper

e)      Revisorar

Forslag på kandidatar kan også koma frå medlemer av laget frå det året medlemen fyller 15 år.

Seinast 14 dagar før årsmøtet skal valnemnda leggja fram liste over sine forslag til kandidatar for komande val.

Forslag til nye medlemer i valnemnda blir lagt fram av styret.

§ 8 Vedtektsendring

Forslag på vedtektsendringar må vera styret i hende innan utgangen av desember.

Ev. endring av vedtektene krev at minst 2/3 av dei frammøtte på årsmøtet stemmer for. Forslag på vedtektsendring må først ha vore til uttale i styret i Bergen og Hordaland Turlag.

§ 9 Oppløysing

Oppløysing av Kvinnherad Turlag må vedtakast av to årsmøte, og minst ¾ av dei frammøtte på årsmøtet og ekstraordinært årsmøte må stemma for oppløysing.

Ved oppløysing skal laget sin formue og eigneluter overførast til Bergen og Hordaland Turlag.

 


---------------- x o x -----------------

 


Desse vedtektene erstattar heilt og fullt tidlegare vedtekter daterte 05.11.98 med seinare endringar.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet