Kvinnherad Fjelltrim

Kvinnherad Turlag, idrettslaga i Kvinnherad, Bedrifts­idrettslaget Hydro Husnes og lokale bygdelag har lagt ut registreringsbøker og klyppetenger på 16 ulike turmål. Kommunen er inndelt i åtte ulike område med to turar i kvart av dei. Registrer deg på minst fem turmål. Då har du greid kravet til fullført fjelltrim!

Publisert: 27. september 2023
Artikkel

Fjelltrimkortet for 2023 fins i turlaget sitt turprogram Ta Turen som blir sendt til alle medlemmene. Turprogrammet blir også lagt ut på biblioteket, turistinformasjonen, andre offentlege kontor og i Sport1-butikkane på Husnes og i Rosendal. Det er mogleg å skrive ut fjelltrimkortet frå turprogrammet på turlaget si heimeside: Fjelltrimkortet

Turmåla i Kvinnherad Fjelltrim fins også i appen Postkassetrimmen. Denne appen inneheld kart som viser aktuelle turmål og fjelltrimmar (også i andre kommunar), og kan lastast ned gratis. Den fungerar slik at du får opp eit varsel når du er nær turmålet, og då kan du sjekka inn. Dersom du har meldt deg på Kvinnherad Fjelltrim i Postkassetrimmen, vil ein slik innsjekk på eit av fjelltrimmen sine turmål gje godkjend fjelltrimregistrering på turmålet.

Nyttar du fjelltrimmkortet og er ferdig med turane dine, leverer du fjelltrimkortet til ein av Sport1-butikkane i Kvinnherad eller til Hans Bertin Hjortland, Hatlestrand innan 1. november. Deltakaravgifta på kr 100,-, betalast enten saman med fjelltrimkortet eller på Vipps #119219. Alle som fullfører Kvinnherad Fjelltrim, vert invitert til ei samkome på seinhausten/vinteren. Det vert premiering av dei yngste trimmarane og utmerkingar til dei som har fullført Kvinnherad Fjelltrim 5, 10, 15 eller 20 sesongar.

GOD TUR !​​​​​​​

PS: Stiane til alle turmåla er merkte. Nærare omtale til desse og mange andre turmål i Kvinnherad finn du på denne sida.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs
Skitur Torfinnsheim–Nansenbu-Gråsida–Gjelle, 11.–13. februar 2022.
Turer og kurs
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet