Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

DNT-hytta på hjul- Rosendal og Husnes – vil du overnatte?

Allereie neste veke, frå 11. til 13. mai 2026, kjem DNT-hytta på hjul til Kvinnherad. Hytta vil vera plassert i Rosendal frå ettermiddag 11 mai til tidleg ettermiddag 12. mai og på Husnes frå ettermiddag 12. mai til formiddag 13. mai. Publikum blir med det invitert inn til å oppleva ekte DNT-hyttestemning – midt i lokalmiljøet.

Publisert: 06. mai 2026
Skrevet av: Tove Omdal
Nyheter
Hytta på hjul
Foto: André Marton Pedersen

DNT-hytta på hjul er på reise rundt i heile Noreg for å spreie hytteglede og kunnskap om DNT sine unike delingshytter. På nokre utvalde stoppestader, mellom anna i Kvinnherad, får heldige gjester moglegheit til å overnatte i hytta – heilt gratis.

Søk om gratis overnatting

Hytta har plass til inntil tre personar, og fungerer som ei vanleg, ubetent DNT-hytte. For å søkja om overnatting sender du ein e-post innan 9. mai til kvinnherad.turlag@dnt.no, der du skriv ei setning eller to om kvifor du og dine ønskjer å overnatte, og kva natt du ønskjer:

•            Rosendal v/ Folgefonnsenteret natt til 12. mai

•            Husnes parkeringen ved frisbeebanen natt til 13. mai

Open for alle på dag- og ettermiddagstid

På dag- og ettermiddagstid er hytta open for alle som vil ta ein kikk innom. Her kan du bli betre kjend med Kvinnherad turlag, DNT sitt tilbod av turar, aktivitetar, ruter og hytter. På Husnes vil det bli aktiviteter for barn, og konkurranse for alle der vi trekker ut premie.

– Vi inviterer alle til å koma innom hytta og bli betre kjende med turlaget og tilbodet vårt. Vi håpar besøket kan gi fleire lyst til å bli medlem og frivillig i Kvinnherad turlag, samt dra på hyttetur på ei DNT-hytte til sommaren, seier leiaren i Kvinnherad turlag Jarle Røstbø.

Ein heilt unik og kortreist hyttetur

Dette er kanskje den mest kortreiste hytteturen du kan få: enkel, tilgjengeleg og heilt unik. Hytta er en liten modell av en vanlig hytte, med alt det en selvbetjent hytte har: Kokemuligheter, sittegruppe, proviantlager med mer.  Det er 2-3 sengeplassar i hytta.

DNT-hytta på hjul - DNT

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget