Tur frå Skorva til Steinhytta på Risfjell i Gjerstad

Fellestur

Dato
10. juni 2007
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Barn
Arrangører
Havrefjell Turlag, Aust-Agder Turistforening
Dette arrangementet er over!

Søndag 10 juni kl. 13 kan du bli med Havrefjell Turlag på ein unik rundtur i vakker natur. Vi går frå Skorva til Steinhytta på Risfjell, og ut til Dobbelttjennane og Trollfjell. Ennå kan denne fine løypetraseen bli berga mot nedbygging.

På turen kan du sjølv sjå det vakre området. Vi startar ved Skorva ved fylkesveg 515 mellom Gjerstad og Felle, og går langs den gamle ferdselsåra inn til buplassen ved Finnen. Etterpå følgjer vi ryggen opp forbi Rumpetjenn og Risfjellvannet til den gamle Steinhytta på Risfjell. Utsikten er vid på dei opne svafjella. Turen ut til dei vakre Dobbelttjennane er nok ny for dei fleste. Her vil vi vise fram noko av den finaste naturen i Gjerstadskogane. Ta gjerne eit bad.

Langs bekken frå Risfjell, inne i planlagt hyttefelt ved Skorva. 

Dobbelttjennane.

Trollfjell med eldgamal furuskog, opne svafjell og vid utsikt.

Vi går gjennom noko av Gjerstads eldste trollskog. Dei eldgamle furuene blir veldig dominerande ute på Trollfjell. Her får vi på ny vid utsikt, mens vi går på fjella nedover lia. Siste del går på gamal sti ned Solemdalen ved Eika.

Turen som arrangerast i samarbeid med Gjerstad Idrettslag er på ca. 9 km. Vi vil fortelje om historie og natur. Alle er velkommen til å bli med. Havrefjell Turlag vil spesielt oppfordre dei politikarane som skal avgjere ei eventuell nedbygging av Skorva om sjølv å bli med og oppleve denne rundturen.   

Statskogs planar om å bygge Gjerstads største hyttefelt akkurat her på grunnlendt mark og opne svafjell, vil for all framtid blokkere mulegheita for ei lettgått rundløype i rein natur, til det vakre området ved Dobbelttjennane og Trollfjell, utan å måtte kjøre heilt til Heiland. Det bør ikkje vere Statskog si oppgåve å bygge ned våre friområde. Vi håper nå at Gjerstad kommunestyre vil sei nei til hyttefelt.

Den gamle steinhytta på Risfjell.

Kontaktinformasjon:

Annonse