På grunn av korona-retningsliner frå DNT og FHI, må vi gjera nokre tiltak ved gjennomføring av haustens turar:
Vi møter ved Sandvin, i sørenden av Sandvinsvatnet, ca. 5 km sør for Odda.
Køyr ikkje over brua som fører til gardane, men parker tett i utkøyrsle på venstre (austre) side av hovudvegen.
Vi går på stø og god, men nokså bratt sti (buføreveg), opp lia på veststsida av Sandvinsgardane. Dei har truleg den best bevarte stølsvegen i det som i 2019 heitte Odda kommune, med mektig utsyn mot Sandvinsvatnet, Sørfjorden og fjellsida med Rossnos (1401 moh.) og den flotte Tjørnedalsfossen på andre sida av dalen.
Det er omlag 2 timar gange opp 500 høgdemeter til heimste stølen, Lauvås.
Dette er ein idyllisk støl med grøne vollar og fleire sel og hytter heilt på grensa til nasjonalparken. Ta med drikke for turen opp. Rikeleg med vatn på stølen.
Turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 😊
NB! Dersom det vert fuktig ver, vil vi vurdera å endra turmålet til Jordalstølen (Fossasete). Då vil frammøtestaden bli endra til Odda, men i så tilfelle vil deltakarane som er påmelde, få melding om dette dagen før...